E. Marlitt, psevdonym for Friederike Henriette Christiane Eugenie John, () var ein tysk forfattar. Saman med mellom andre Friedrich Wilhelm Hackländer og Marie Nathusius var Marlitt ein av dei mest leste tyske romanforfattarane i si tid.

Nesten alle tekstane hennar kom først opp som føljetongar (kjellarar) i familie-vekebladet Die Gartenlaube. I dei første bokutgjevingane var alle tekstane rikt illustrert av kjende kunstnarar.

Taskenspillerdatteren kom på norsk i 1869 og var kjellar i den ferske avisa Bergens Tidende. Året etter kom Blaaskjæg som kjellarar i Bergensposten og i Dagbladet, enno ei nystarta avis. 6-7 andre av E. Marlitt (Eugenie John) sine forteljingar kom ut i Noreg i tida fram til 1926.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «E. Marlitt» frå , den 23. april 2026.

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet