Knecap er ei hiphop-gruppe frå Belfast i Nord-Irland. Ho er sett saman av Mo Chara, Móglaí Bap og DJ Próvaí, artistnamna til høvesvis Liam Óg Ó hAnnaidh, Naoise Ó Cairealláin og J.J.Ó Dochartaigh.

Kneecap rappar på ei blanding av engelsk og irsk. Den fyrste singelen til gruppa, CEARTA (irsk for «rettar»), kom ut i 2017. Han blei følgd av debutalbumet 3cag i 2018. I 2024 gav gruppa ut det andre studioalbumet sitt, Fine Art, og ein biografisk film, Kneecap.

Kneecap har vore kjelda til offentleg debatt om ytringsfridom og tilhøvet mellom Irland og Storbritannia. Tekstane til gruppa omhandlar irsk republikanisme, irske språkrettar og ungdomskulturen i arbeidarklassen i Belfast. Gruppa har òg offentleg uttrykt støtte til palestinsk nasjonalisme og fordømming av folkemordet i Gaza. mini|Móglaí Bap (venstre) og Mo Chara (høgre) i 2025.

Namn og image Namnet Kneecap er eit ordspel. Det er ein referanse til praksisen kjend som kneecapping (på norsk ‘kneskåling’). Kneecapping blei nytta av nord-irske republikanske paramilitære grupper som straffeangrep mot personar dei meinte stod bak «politiske» såvel som «vanlege» brotsverk som ei form for sjølvtekt. Dessutan høyrest den irske frasen «ní cheapaim» ut som «kneecap him» (på norsk ‘kneskål han’). Frasen betyr ‘eg trur ikkje det’.

Ifølgje Móglaí Bap er namnet Kneecap ironisk meint, sidan gruppa syng «om ting som ville gjort at me blei kneskåla» (på engelsk: "about things that would get us kneecapped").

Logoen til Kneecap er basert på balaklavaene nytta av paramilitære under konflikten i Nord-Irland. DJ Próvaí pleier å ha på ein balaklava med irske fargar til konsertar.

Kunstnarnamnet Mo Chara betyr «min venn» på irsk. Namnet Móglaí Bap er ein referanse til rapparen sin bollesveis som barn, som gjorde at han likna karakteren Mowgli i Jungelboken. Namnet til DJ Próvaí stammar frå det provisoriske IRA.

Historie Mo Chara og Móglaí Bap er frå Vest-Belfast, medan DJ Próvaí er frå Derry.

Den fyrste singelen til gruppa, «CEARTA», er laust basert på Móglaí Bap sine eigne opplevingar. Dagen før eit opptog til støtte for The Identity and Language (Northern Ireland) Act 2022, ein lov som anerkjenner irsk som offisielt språk i Nord-Irland, spraymåla Móglaí Bap saman med ein venn det irske ordet for ‘rettar’, «Cearta», på eit busstopp i Belfast. Vennen til Móglaí blei pågripen for tagginga, og var ei natt på ein politistasjon. Han nekta å forklara seg på engelsk, og insisterte på å snakka irsk til politiet.

«CEARTA» blei utestengt frå den irske radiostasjonen (RnaG) grunna «referansar til narkotika og banning». Fans av Kneecap starta ein underskriftskampanje for å få songen på lufta. Kampanjen nådde kring 700 underskrifter. Kneecap forsvarte songen som «ein karikatur av livet i Vest-Belfast» og «eit satirisk innblikk i livet til ungdommar, særleg ungdommar i Vest-Belfast».

Det fyrste albumet til gruppa, 3CAG, kom ut i 2018. Tittelen refererer til MDMA: 3CAG er ein forkorting av - irsk for ‘tre konsonantar og ein vokal’; eit slangomgrep for stoffet. 3CAG er skildra i The Skinny som «ei uimotståeleg samling av støyande hiphop som smelta irsk og engelsk språk saman med svart humor», og i The Guardian som «i same grad sjølvbevisste og skrytande, samtidig som det vekslar mellom kveldar på byen og kvardagsrealiteten av å veksa opp i Nord-Irland etter konflikten der».

I februar 2019 blei Kneecap fordømt av Christopher Stalford, eit parlamentsmedlem for Democratic Unionist Party (DUP), etter at videoar som viste gruppa ropa «Brits Out» på ein konsert i Empire Music Hall i Belfast blei lagt ut på nettet. Konserten fann stad dagen etter at den daverande hertugen av Cambridge og hertuginna av Cambridge hadde vitja konsertsalen.

Trioen gav ut singelen «MAM» i 2021 som ei hyllest til mødrene sine. Songen blei rekna som eit skifte bort frå den vanlege stilen deira. Mo Chara uttalte i eit intervju at gruppa ønskte å visa at «Me ønskte å gjera noko litt sentimentalt, me vil ikkje berre pakka oss inn i maskulinitet heile tida». Trioen avslørte også på Instagram at mora til Móglaí Bap hadde teke sitt eige liv før songen var klar for utgjeving, og at alle inntektene frå songen ville gå til The Samaritans, ei velgjerande gruppe som hjelper suicidale og pårørande til sjølvmordsoffer.

I 2023 byrja gruppa innspeling av ein fiksjonalisert film om utviklinga si, regissert av Rich Peppiatt. Kneecap kom ut i august 2024 med Michael Fassbender i ei birolle.

I februar 2024 blei Kneecap tildelt eit stipend på 14 250 pund frå Music Export Growth Scheme. Tildelinga blei blokkert av Department for Business and Trade. Den ansvarlege ministeren Kemi Badenoch sa at stipendet ikkje skulle tildelast til personar som var imot Det sameinte kongeriket Storbritannia. Gruppa saksøkte staten for diskrimering, vann saka og blei tildelt heile stipendet i november 2024. Dei delte summen mellom to ungdomsorganisasjonar som arbeidde med protestantiske og katolske grupper i Nord-Irland.

I mai 2025 blei Mo Chara tiltalt under Terrorism Act 2006 for å ha halde opp eit flagg for den ulovlege organisasjonen Hezbollah i november 2024. Han stod framfor Westminster Magistrates' Court 18. juni 2025 og blei lauslaten mot kausjon før han vende tilbake 20. august 2025. 26. september 2025 avgjorde retten at saka ikkje kunne halda fram. Dommen sa mellom anna at «Proceedings against the defendant were instituted unlawfully and are null.» Påtalestyresmakta Crown Prosecution Service anka avgjerda, men ho blei avvist av retten i mars 2026.

I samband med rettsakene uttalt statsminister Keir Starmer at den planlagde konserten til gruppa ved Glastonburyfestivalen ikkje var passande. Gruppa svarte: «You know what's 'not appropriate' Keir? Arming a fucking genocide. Fuck The Sun and solidarity with Palestine Action.» Gruppa spelte ved Glastonbury 28. juni 2025 for eit stort publikum, og opna med ein video som tok opp granskinga frå media. Under konserten leidde gruppa publikum i rop som «Free Mo Chara» og «fuck Keir Starmer», og takka organisatorane for å ikkje gje etter mot presset om å avlysa konserten. BBC valde å ikkje strøyma konserten live, men gav han seinare ut på BBC iPlayer etter ein redaksjonell gjennomgang. I staden strøyme ein walisisk sjølvstendeaktivist konserten på TikTok, der han fekk over 1,8 millionar «likes». Etter konserten kunngjer Avon and Somerset Police at dei granska video frå hendinga for å avgjerda om det hadde funne stad brotsverk.. 18. juli 2025 kunngjorde styrken at det ikkje var funne nok bevis til å støtta nokon tiltale.

Diskograpfi Album Tittel Detaljar Topplasseringar IRE AUS NZ SCO UK 3CAG Utgjeve: 25. juni2018 Selskap: Heavenly Format: digital nedlasting, strøyming — — — — — Fine Art Utgjeve: 14. juni 2024 Selskap: Heavenly Formats: LP, CD, digital nedlasting, strøyming 2 — — 3 43 Fenian Utgjeve: 1. mai 2026 Selskap: Heavenly Format: LP, CD, digital nedlasting, strøyming — 7 27 — — "—" visert at albumet ikkje blei gjeve ut eller ikkje fekk ei plassering i dette områet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kneecap» frå og «Kneecap (band)» frå , den 8. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkgrupper skipa i 2017 Kategori:Nordirske musikkgrupper