mini|411x411pk|Kong Kong frå 1933 er ein av dei mest kjende monsterfilmane. Monsterfilmar er ei gruppe filmar som handlar om monster av ulike slag og hovudsakleg høyrer til sjangrane skrekk og science fiction. Monstera kan vera overnaturlege vesen som vampyrar, varulv, mumiar og zombiar, men òg ulike dyr som av ei eller annan grunn byrjar å angripa menneske.

Nokre av dei mest kjende monsterfilmane er Nosferatu (1922), Dracula (1931), Frankenstein (1931), Kong Kong (1933), Godzilla (1954), Jaws (Haisommer, 1975) og Night of the Living Dead-serien.

Stordomstida til monsterfilmane Den verkelege stordomstida til monsterfilmane var på 1930- og 1950-talet. Mange av skrekkfilmane frå midten av 1930-talet til seint på 1950-talet var lågbudsjettfilmar som ofte blanda science fiction og skrekk. Mange av skrekk- og science fiction-filmane på 1950-talet handla om trugsmål frå verdsrommet. Dei fleste monsterfilmane på 1950-talet var tenåringsorienterte, og retta mot drive-in-kinoar. Eit vanlig tema var enorme muterte dyr. Dette var under den kalde krigen, då frykta for atomkrig og følgjene av han var stor, men òg tida då Joseph McCarthy jakta på kommunistar i USA. Desse science fiction- og skrekkfilmane kan sjåast som eit svar på dette.

Nokre døme på monsterfilmar frå 1950-talet er Them! (1954), Creature from the Black Lagoon (1954) og The Fly (1958).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monsterfilm» frå , den 28. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skrekkfilmar Kategori:Filmsjangrar