George Hadley () var ein engelsk advokat og amatørmeteorolog, og var den første som oppdaga den atmosfæriske dynamikken som driv passatvindane. På tida då Hadley levde var det å forstå passatvinden svært viktig for reiser mellom Europa og Nord-Amerika. Hadley undra seg over kvifor vindar som i utgangspunktet burde bles rett nordover, istaden bles vestover og det var dette mysteriet han prøvde å forklare.

Hadley vart fødd i London i England av Katherine FitzJames og George Hadley. Bror til den yngre George Hadley, John Hadley, fann opp spegelteleskopet og oktanten (ein forgjengar til sekstanten).

I 1686 sette Edmond Halley fram sin teori om passatvindane. Halley klarte å skildre sirkulasjonsmønsteret rundt ekvator, men klarte ikkje å forklare kvifor passatvinden har ein vestleg komponent. Hadde han klart det ville sannsynlegvis Hadley aldri blitt nemnd i historiebøkene. Hadley forstod derimot at jordrotasjonen spela ei viktig rolle i kva retning luftmassar flyttar seg i, og vart på den måten berømt.

Hadley vart vald inn i Royal Fellow i 1745 og døydde i 1768. I dag er Hadley Centre for Climate Prediction and Research, som er styrt av det britiske Met Office kalla opp etter George Hadley. I tillegg er sirkulasjonscella rundt ekvator og eit krater på planeten Mars òg kalla opp etter han.

Sjå òg Hadleycelle Krateret Hadley

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «George Hadley» frå , den 20. desember 2006.

Kategori:Britiske meteorologar Kategori:Britiske advokatar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå London