Bente Moe () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo som tevla på dei lengste distansane. Ho var medlem i Vika IF og seinare SK Vidar.
Aktiv Moe vann sølvmedaljen på 5 000 meter under noregsmeisterskapen i friidrett 1983 og 1987. Perioden 1984–93 deltok ho i ei rekke maratonløp. Under sommar-OL 1984 vart ho nummer 26 på distansen. I 1986 kom ho på sjetteplassen ved europameisterskapen i Stuttgart, året etter la ho beslag på fjerdeplassen under verdsmeisterskapen i Roma. Etter ho braut maratonløpet i OL 1988, sigra ho i 1991 i Oslo maraton og vart dermed norsk meister i maraton for andre gong. 25. oktober 1992 presterte ho livsbeste 2.32.26 då ho vann maratonløpet i Frankfurt am Main. Våren 1993 vann ho Wien maraton.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Bente Moe» frå , den 24. juni 2026.
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo