Heinrich Ratjen, fødd Dora Ratjen, () var ein friidrettsutøvar frå Bremen som representerte Tyskland i, mellom anna, kvinnene si høgdehopp-tevling under sommar-OL 1936 i Berlin. Ratjen vart nummer fire i tevlinga, seinare vart det avslørt at «ho» var av mannkjønn.
Liv Jordmora sa fyrst at barnet var ein gut, men etter ein del fundering over den nyfødd sine kjønnsorgan endra ho sig og erklærte barnet for å vere jente. Barnet voks så opp som jente, heitande Dora.
Ratjen kom på fjerdeplass ved dei olympiske leikane i Berlin. To år seinare vann Dora gullmedaljen ved europameisterskapen 1938 i Roma, etter å ha sett ny verdsrekord. På veg heim frå meisterskapen vart Ratjen arrestert på jarnbanestasjonen i Magdeburg. Ein politilækjar konstaterte at Ratjen hadde mannlege kjønnsorgan. Ratjen mista gullmedaljen som då vart tildelt den ungarske olympia-meisteren Ibolya Csák. Rekorden på 1,70 meter vart aldri godkjend og det tyske friidrettsforbundet utestengde Ratjen på livstid, offisielt for «brot mot amatørreglane».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heinrich Ratjen» frå , den 29. juli 2026.
Kategori:Tyske høgdehopparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936