KNM Tordenskjold er eit utdannings- og kompetansesenter for maritim krigføring. Senteret held kvart år 350 forskjellige kurs for meinige, befal og sivile. KNM Tordenskjold er delt inn i følgjande skular: Skule for Våpenteknikk (SVT) Skule for Skipsteknikk og Sikkerhet (SSS) Stridsskulen for Kyst og Amfibieoperasjonar (SSKA) Skule for Maritime operasjonar (SMOPS) Skule for fysisk fostring (SFF) Skule for Vaksenopplæring og Sivil Kompetanse (SVSK) Dykkar og Froskemannskulen (DFS).
Senteret har òg til dels ansvar for utdanning for Kystvakta , Naval Control and Guidance of Shipping (NCAGS) og Sjøheimevernet (SHV).
KNM Tordenskjold ligg på Haakonsvern Orlogsstasjon utanfor Bergen. Namnet har skulen etter den store norske marinehelten Peter Wessel Tordenskjold (1690-1720)
Bakgrunnsstoff Heimesida til KNM Tordenskjold
Kjelder Forsvarsnett
Tordenskjold