A Momentary Lapse of Reason er det trettande studioalbumet til Pink Floyd, utgjeve 7. september 1987 på EMI og Columbia. Det var det første albumet deira etter at Roger Waters forlét bandet i 1985 og produksjonen var prega av ei rettssak om retten til namnet Pink Floyd. Saka vart ikkje løyst før fleire månader etter albumet kom ut. Albumet vart hovudsakleg spelt inn i den ombygde husbåten til gitaristen David Gilmour, Astoria.
I motsetnad til mange av dei tidlegare Pink Floyd-albuma var ikkje A Momentary Lapse of Reason eit konseptalbum. Det vart nytta bidrag frå fleire låtskrivarar som ikkje var med i bandet, etter at Gilmour valde å bruke songar han ein gong hadde tenkt å bruke på det tredje soloalbumet hans. Albumet vart marknadsført av ein suksessrik verdsturné og tre singlar: den doble A-sida «Learning to Fly» / «Terminal Frost», «On the Turning Away» og «One Slip».
A Momentary Lapse of Reason fekk blanda kritikk då det kom ut. Kritikarane likte produksjonen og instrumenteringa, men ikkje låtskrivinga til Gilmour, som vart slakta av Waters. Albumet selde betre enn det førre Pink Floyd-albumet, The Final Cut, og nådde tredjeplassen i både Storbritannia og USA. Siden den gongen har det selt nesten fem millionar eksemplar.
Bakgrunn Etter Pink Floyd av ut The Final Cut i 1983, som mange såg på som eit album som i røynda var eit soloalbum av bassisten og låtskrivaren Roger Waters, arbeidde bandmedlemmane på kvar sine soloprosjekt. Gitaristen David Gilmour uttrykte kjenslene sine om det anstrengde forholdet hans til Waters på det andre soloalbumet sitt, About Face (1984), og fullførte den etterfølgjande turneen medan Waters byrja å turnere med det første soloalbumet sitt, The Pros and Cons of Hitch Hiking. Sjølv om begge hadde med seg ei rekkje dugande musikarar, som Eric Clapton som spelte for Waters, tiltrekte soloprosjekta deira langt mindre merksemd enn Pink Floyd. Dårleg bilettsal tvang Gilmour til å avlyse fleire konsertar, og kritikaren David Fricke meinte at Waters-showet var «eit grettent ekko, eit transparent forsøk på å bevise at det var Roger Waters som var Pink Floyd». Waters vendte attende til USA i mars 1985 med turné nummer to, og denne gongen utan støtte frå CBS Records, som hadde sagt dei føretrekte eit nytt Pink Floyd-album. Waters kritiserte selskapet for å vere «ein maskin».
Etter at trommeslagaren Nick Mason såg ein av konsertane til Waters i London i 1985, kjende han at han sakna å turnere som Pink Floyd. Konserten skjedde samstundes med at han gav ut det andre soloalbumet sitt, Profiles, der Gilmour song på ein song. Mason og Gilmour hadde begge stor interesse for luftfart og tok begge flytimar. I lag kjøpte dei eit de Havilland Dove-fly. Gilmour arbeidde med andre artistar, mellom anna i lag med Bryan Ferry på Live Aid i 1985, og var medprodusent på Dream Academy sitt sjølvoppkalla debutalbum.
I desember 1985 annonserte Waters at han hadde slutta i Pink Floyd, som han meinte var «kunstnarisk ferdige». Etter den mislukka About Face-turneen, håpa Gilmour å kunne halde fram med Pink Floyd-namnet. Trugselen om eit søksmål frå Gilmour, Mason og CBS Records var meint å overtyde Waters om å skrive og produsere eit nytt Pink Floyd-album med bandkollegaene, som nesten ikkje hadde delteke på skapinga av The Final Cut. Gilmour var særskild kritisk til albumet og kalla det «billig fyllmateriale» og «slyngande søppel».
Waters sa: «Dei truga meg med at me hadde kontrakt med CBS Records og at delar av kontrakten kunne tolkast slik at me var forplikta til eit produkt for CBS og om me ikkje produserte dette produktet, så kunne dei a) saksøke oss og b) halde attende royalties om me ikkje lagde fleire plater. Så dei sa 'det er dette plateselskapet kjem til å gjere og resten av bandet kjem til å saksøke deg for alle dei rettslege utgiftene og tap av inntekter fordi det var du som hindra bandet frå å lage fleire plater.' Dei tvang meg til å slutte i bandet fordi om eg ikkje hadde gjort det, så ville dei økonomiske følgjene ha viska meg heilt bort.»
I følgje Gilmour: «Eg sa til Waters før han for at 'om du fer, så held me fram. Ver ikkje i tvil, me kjem til å halde fram, og Roger svara: 'Det kjem dykk faen meg aldri til å gjere.'» Waters hadde skrive til EMI og Columbia og sagt at han hadde planar om å forlate gruppa og bad dei frigje han frå kontraktsforpliktinga. Han sa òg opp samarbeidet med Pink Floyd-manageren Steve O'Rourke og tilsette Peter Rudge. Dermed var Gilmour og Mason, i sitt syn, frie til å halde fram som Pink Floyd.
Med Waters borte, byrja Gilmour å rekruttere musikarar for eit nytt prosjekt. Fleire månader tidlegare hadde klaverspelaren Jon Carin jamma med Gilmour i Hookend studio, der han komponerte akkordprogresjonen som vart «Learning to Fly», og vart så invitert med på prosjektet. Gilmour inviterte Bob Ezrin (med-produsent på The Wall i 1979) til å forsterke materiale. Ezrin hadde avvist tilbodet til Waters om ei rolle på det nye soloalbumet hans, Radio K.A.O.S., og sa «det var mykje enklare for Dave og eg å gjere vår versjon av ei Floyd-plate». Ezrin kom til England i midten av 1986 for det Gilmour seinare skildra som «mykje surring med mange demoar».
På dette stadiet var det ikkje gjeve at det kom til å bli eit nytt Pink Floyd-album og Gilmour vurderte å gje det ut som hans tredje soloalbum. CBS-representanten Stephen Ralbovsky håpa på eit nytt Pink Floyd-album, men i eit møte i november 1986 sa han til Gilmour og Ezrin at musikken «høyrdest faen meg ikkje ut som Pink Floyd i det heile tatt». Gilmour sa seinare at det nye prosjektet var vanskeleg utan Waters. Han eksperimenterte med låtskrivarar som Eric Stewart og Roger McGough, men enda til slutt opp med Anthony Moore, som var medlåtskrivar på «Learning to Fly» og «On the Turning Away». Medan mange tidlegare Pink Floyd-album hadde vore konseptalbum, valde Gilmour ein meir konvensjonell metode for songane han hadde, utan å knytte dei saman tematisk. Mot slutten av året valde han å gjere materialet til eit Pink Floyd-prosjekt.
Innspeling A Momentary Lapse of Reason vart spelt inn i fleire studio, hovudsakleg husbåtstudioet til Gilmour, Astoria, som låg fortøydd i Themsen. I følgje Ezrin var det «berre heilt magisk å arbeide der, så inspirerande. Barn som rodde ned elva, gjæser som flaug forbi ...». Andy Jackson vart henta inn som lydteknikar. I innspelingane mellom november 1986 og februar 1987 arbeidde bandet til Gilmour på nye songar, som i motsetnad til tidlegare Pink Floyd-album vart spelte inn med ein 24-spors analog maskin og overdubba til ein 32-spors digital Mitsubishi-opptakar. Andre nye teknologiar som vart nytta var MIDI-synkronisering ved hjelp av ein Apple Macintosh-maskin.
Etter å ha blitt samde om å omarbeidde materialet som Ralbovsky hadde protestert mot, tilsette Gilmour studiomusikarar som Carmine Appice og Jim Keltner. Begge var trommeslagarar og erstatta Mason på fleire songar. Mason var uroa over at det var for lenge sidan han hadde spelt skikkeleg på trommer og fokuserte i staden på lydeffektar. Somme trommer vart òg framførte av trommemaskinar. Under innspelinga vart Gilmour spurt av kona til den tidlegare Pink Floyd-klaverspelaren Richard Wright, om han kunne få bidra. Som grunnleggjande medlem måtte Wright slutte i bandet i 1979 og det var rettslege hinder for tilbakekomsten hans, men etter eit møte i Hampstead vart han rekruttert som betalt musikar for ei vekesløn på 11 000 dollar. Gilmour sa i eit intervju med forfattaren Karl Dallas at med Wright på laget «ville det gjere oss sterkare både rettsleg og musikalsk». Men bidraga hans var minimale. Det meste av klaverinstrumenta var alt spelte inn, så frå februar 1987 spelte Wright noko Hammondorgel og Rhodespiano og la til vokalharmoniar. Han spelte òg ein solo på «On the Turning Away», som vart vald bort. Wright sa: «det var ikkje fordi dei ikkje lite det ... dei meinte det berre ikkje passa inn.» Gilmour sa seinare: «Både Nick og Rick var katatone når det kom til å spele i byrjinga. Ingen av dei spelte eigentleg på denne plata. I mitt syn var dei blitt øydelagde av Roger.» Denne kommentaren gjorde Mason sint og sa: «Eg nektar for at eg var kataton. Eg hadde venta å høyre noko slikt frå motstandarane, det er mindre attraktivt å høyre det frå ein av sine allierte. Seinare kom han med ei slags unnskyldning.» Mason innrømde at Gilmour var nervøs over korleis albumet kom til å bli oppfatta.
«Learning to Fly» og tekstlinjene «circling sky, tongue-tied and twisted, just an earthbound misfit, I», var inspirert av flygetimane som Gilmour tok, og som stundom kom i konflikt med studioarbeidet hans. Sporet inneheld òg ei innspeling av stemma til Mason under letting. Bandet eksperimenterte med lydsampling og Ezrin spelte inn lyden av båtutleigaren til Gilmour (Langley Iddens) som rodde langs Themsen.
«The Dogs of War» er ein song om «fysiske og politiske leigesoldatar», i følgje Gilmour. Denne kom til gjennom eit uhell i studio då ein samplingsmaskin byrja å spele eit lydklipp av ein latter, som Gilmour meinte høyrdest ut som bjeffing. «Terminal Frost» var ein av dei eldre demoane til Gilmour, som han tenkte å skrive tekst til, men som han let vere som instrumental. Teksten til «Sorrow» vart derimot skriven før musikken. Opningsgitaren på denne songen vart spelt inn i Los Angeles Memorial Sports Arena. Eit 24-spors mobilt studio køyrde gitarsporet til Gilmour gjennom høgtalaranlegget på stadionet, og resultatet vart så innspelt i kringlyd.
Rettsstrid mini|Astoria Innspelingane vart avbrotne av den eskalerande usemja mellom Waters og Pink Floyd over kven som hadde rettane til namnet Pink Floyd. O'Rourke meinte at kontrakten hans med Waters var blitt avbroten ulovleg, og saksøkte Waters for 25 000 britiske pund. Under eit styremøte seint i 1986 for Pink Floyd Music Ltd (Pink Floyd sin klareringssentral for alle pengetransaksjonar sidan 1973), fekk Waters vite at det var blitt opna ein bankkonto som berre skulle handsame pengemidlar knytte til «det nye Pink Floyd-prosjektet». Han søkte umiddelbart til høgsteretten for å hindre at Pink Floyd-namnet kunne brukast igjen, men advokatane hans oppdaga at partnerskapen aldri formelt var blitt stadfesta. Waters kom attende til høgsteretten i eit forsøk på å liggje ned veto mot å bruke bandnamnet igjen. Teamet til Gilmour svara med å gje ut ei pressemelding som stadfesta at Pink Floyd kom til å halde fram. Gilmour fortalte ein journalist i Sunday Times: «Roger er ein hund i krubba og eg kjem til å kjempe i mot han. Ingen andre har hevda at Pink Floyd berre var seg sjølv. Ein kvar som gjer det er ekstremt arrogant.»
Waters vitja Astoria to gonger, og i lag med kona si hadde han eit møte i august 1986 med Ezrin. Ezrin indikerte seinare at han vart «sjekka ut». Sidan Waters framleis var aksjeeigar og direktør i Pink Floyd Music, kunne han blokkere alle avgjersler som dei tidlegare bandkollegaene tok. Innspelinga vart flytta til Mayfair Studios i februar 1987 og frå februar til mars - etter ein avtale med Ezrin om å spele inn nærmare heimen hans - til A&M Studios i Los Angeles: «Det var fantastisk fordi ... advokatane kunne ikkje ringe midt i innspelinga med mindre dei ringde midt på natta.» Bitterheita og krangelen mellom Waters og Pink Floyd vart dekt i november 1987 i Rolling Stone, og det vart bestseljande utgåva deira det året. Rettstvisten vart løyst i eit forlik mot slutten av 1987.
Plateomslag og tittel Det vart gjort nøye vurderingar over tittelen på albumet og dei tre første forslaga var Signs of Life, Of Promises Broken og Delusions of Maturity. Den siste tittelen var ein linje i refrenget på «One Slip».