«The Thin Ice» er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd frå albumet The Wall frå 1979.

Komposisjon Dei første sekunda av songen kan ein høyre eit lite barn som gret (som òg avslutta songen «In the Flesh?» som kjem før «The Thin Ice»). Songen startar så med første vers, som har ein lett og dempa tone, sunge av David Gilmour. Etter at Gilmour sitt vers er ferdig, tar Roger Waters over og tonen i songen vert meir «kynisk» i samband med teksten. Resten av songen, som er ein gitarsolo, vert så meir høglydt.

Innhald Som dei andre songane på The Wall fortel «The Thin Ice» ein del av historia til hovudpersonen Pink. Songen fortel om dei første åra av Pink sitt liv, før han vert gamal nok til å forstå kva som har skjedd med faren. Den «tynne isen» representerer den uskuldige, men skjøre perioden i livet før ein verkeleg kan forstå verda rundt seg.

Tredje og fjerde linja i tredje verset,

«Dragging behind you the silent reproach, of a million tear-stained eyes»

fungerer som ein metafor for den psykologiske og/eller andelege effekten krig har på barn etter foreldre som har lidd eller omkomme som følgje av krig.

Filmutgåva Filmen viser tusenvis av menn i krig, anten skada eller daude, før ein så går til Pink i eit symjebasseng fullt av blod, der han lid på grunn av faren sin død.

Medverkande David Gilmour – vokal, gitar og synthesizer. Medverkande David Gilmour – vokal (første vers), gitar, Prophet-5-synthesiser Nick Mason – trommer Roger Waters – vokal (andre vers), bassgitar Richard Wright – piano, hammondorgel

Personnel per Fitch and Mahon.Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s.72

Kjelder

Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8

Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters