Mary O'Hara () er ein irsk sopran og harpist frå County Sligo. Ho fekk merksemd på begge sider av Atlanterhavet på slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet. Innspelingane hennar frå denne perioden påverka ein generasjon av irske kvinnelege songar som gav O'Hara æra for å ha påverka stilen deira, blant dei Carmel Quinn, Mary Black og Moya Brennan. I sjølvbiografien sin Memoirs of an Irish Troubadour frå 2002 skreiv Liam Clancy om korleis musikken hennar inspirerte og påverka han og andre frå den nye folkemusikkrørsla.

Bakgrunn og tidleg karriere Mary O'Hara er dotter til major John Charles O'Hare, ein offiser i British Corps of Royal Engineers, og kona hans, Mai (fødd Kirwan). Ei av systrene hennar var skodespelaren Joan O'Hara, og dramatikaren Sebastian Barry er ein nevø.

O'Hara vann den fyrste konkurransen sin, den årlege musikk- og drama-songkonkurransen i Sligo, i åtteårsalderen. Ho opptredde på radio for fyrste gong på Radio Éireann før ho forlet skulen i 16-årsalderen. Seinare opptredde ho på Edinburgh International Fringe Festival med Dublin University Players, BBC sine sendingar Quite Contrary og The Ed Sullivan Show, og medverka i sin eigen tv-serie på BBC. Den fyrste albumkontrakten hennar var med Decca Records.

Ho blei introdusert for den amerikanske diktaren Richard Selig av den irske diktaren Thomas Kinsella, og gifta seg med Selig i 1956. Ho flytta til USA med han. Selig døydde av Hodgkins sjukdom 15 månader etter giftarmålet. O'Hara heldt fram med å turnera og opptake i fire år etter dette.

I 1962 blei ho benediktinsk nonne ved Stanbrook Abbey i England, der ho blei verande i 12 år. Gifteringen hennar blei smelta om til ein ring for å markera nonneløftet hennar som medlem av benediktinarordenen i 1967.O'Hara's final vows at Stanbrook Abbey; news.google.com; accessed 14 March 2014.

O'Hara blei kjend att i 1974, då ho forlet klosteret av helsegrunnar. Medan ho var i klosteret hadde det musikalske ryet hennar vokse, og ho byrja å halda konsertar att. På nokre få månader var ho blitt ein av dei største internasjonale innspelingsartistane frå Irland. Albumet hennar The Scent of the Roses frå 1981 blei produsert av Andrew Pryce Jackman og Jo Stewart.Melding i The Stage, 9. april 1981, p.9

Sjølvbiografien hennar frå 1980 hadde også tittleen The Scent of the Roses. Linja er henta frå ein av dei yndlingssongane hennar av den irske diktaren Thomas Moore. Andre bøker av henne er Celebration of Love og praktboka A Song for Ireland.

Ho heldt fram med å synga i 16 år, og slutta av å opptre i 1994. I 1985 gifta ho seg med Pádraig O'Toole, som hadde vore med på å utvikle karrieren hennar frå 1974. Paret budde i Tanzania i seks år, då O'Toole underviste ved Tanzania School of Journalism ved University of Dar es Salaam.

I byrjinga av 2007 blei ein musikal om livet hennar, Harp on the Willow av John Misto, ein stor suksess i Australia . Mary O'Hara fullførte eit verk på fem bind av harpeakkompagnemente sine. Ho heldt fram å reisa, og har gjeve foredrag på stader som Yeats International Summer School i Sligo (2007), O'Carolan Festival i Keadue i County Roscommon (2008), Northern Lights Harp Festival i Ottawa (2009), New York University (2009), og Boston College (2009).  Burns Library ved Boston College har dokumenta hennar og heldt utstillinga Mary O'Hara, som enda 30. april 2010.

O'Toole døydde i 2015. I 2016 budde O'Hara på Aranøyane utanfor vestkysten av Irland.

Påverknad O'Hara si innspeling av «Óró Mo Bháidín» blei sampla av Passion Pit i singelen «Sleepyhead» frå 2008 og av Sub Focus i songen «Safe in Sound» frå albumet Torus. Melodien er òg brukt i Chris de Burgh sin «A Spaceman Came Traveling» som del av refrenget.

Diskografi

Songs of Erin, Decca-Beltona 1957 Love Songs of Ireland, Decca-Beltona 1958 Songs of Ireland, Tradition Records 1958Folk Harp Journal – Issues 24–27 1979 My admiration for Mary O'Hara has increased steadily since I first heard her singing and accompanying herself on the Irish Harp in the album, SONGS OF IRELAND, Tradition (JLP 1024), twenty years ago. " Songs of Ireland, Decca-Emerald 1967 The Folk Song Tradition (one track), Tradition Records 1960 Mary O'Hara's Ireland, Decca Emerald-Gem 1973 Mary O'Hara's Scotland, Decca Emerald-Gem 1974 Monday Tuesday, Decca Emerald-Gem 1977 Mary O'Hara at the Royal Festival Hall, Chrysalis 1977 – UK No. 37 Focus on Mary O'Hara, Decca 1978 Music Speaks Louder Than Words, Chrysalis 1978 In Harmony, Chrysalis 1979 Farewell, But Whenever / Reminiscing, Hammer 1979 Tranquility, Warwick 1979 – UK No. 12 The Last Rose of Summer French Everest Records The Scent of the Roses, book and LP Chrysalis 1980 Colours, Images 1981 A Song for Ireland, Valentine 1982 Recital, Valentine 1983 Live at Carnegie Hall, Valentine 1983 Live at National Gallery Dublin, Gael-Linn 1987 Spread a Little Happiness, Telstar 1985 Celebration of Love, book and LP Word 1989 World of Music, EMI 1989 Mary O'Hara Song for Ireland, Shanachie Records 1993 Down by the Glenside, Rykodisc 1997 Mary O'Hara at Carnegie Hall, Sanctuary Records 2000

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mary O'Hara» frå , den 23. august 2026.

Kategori:Irske harpistar Kategori:Irske songarar Kategori:Musikarar frå 1900-talet Kategori:Irske nonner