mini|Mor med barn i beresjal. Illustrasjon frå Taiwan frå 1875. Beresjal er eit tekstil nytta til å bera småbarn med. Ofte kan ein ha borna i sjalet i staden for å leggja dei på golvet eller i ei vogn. Sjalet let barnet vera nær den som ber det, medan beraren har hendene frie. Det finst særskilde klede og reiskapar for å bera barn i mange kulturar, i Sameland har ein til dømes brukt komse som er ein uthola trestokk kledd med reinskinn og vovne band som knyter fast skinnet til å bera barn i.

Moderne beresjal består ofte av vove tøy i eit eller fleire materiale som blir knytte rundt beraren og bornet. Mellom dei ulike typane kan ein nemna elastisk sjal, beresele, ringsjal, dobbelt ringsjal eller langsjal.

Ein kan bera barn både på mage og rygg eller på hofta.

I skildringar av storkar som etter visse tradisjonar kjem med babyar, ber dei ofte borna i beresjal.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bärsjal» frå , den 27. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Barneoppseding Kategori:Spedbarnsalder Kategori:Klede Kategori:Bereutstyr