Ole Gabriel Ueland () var ein norsk agronom og politikar frå Varhaug i Rogaland. Frå 1977 til 1993 representerte han Rogaland og Senterpartiet i Stortinget.
Ueland utdanna seg ved Norges Landbrukshøgskole. Frå 1960 var han fylkesagronom i tekniske fag ved Rogaland landbruksselskap.
Fireårsperioden 1972–75 var Ueland ordførar i Sola kommune. Hausten 1977 vart han vald til stortingsrepresentant frå Rogaland, attvald i 1981, 1985 og 1989. Frå 1988 til han gjekk ut av Stortinget i 1993 var han leiar av Energi- og industrikomitéen. Tidlegare hadde han 1977-81 sete i Justiskomiteen og 1981-88 i Finanskomiteen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ole Gabriel Ueland (1931–2009)» frå , den 8. september 2026.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Ordførarar i Sola Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Hå