«Outside the Wall» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.
Denne songen er meint som løysinga på albumet, og avslører det moralske eller sentrale poenget i historia. Historia sluttar med «The Trial», og fortel derfor ikkje kva som faktisk skjedde med Pink etter at den mentale muren hans vart rive ned.
Komposisjon Songen er ein av dei rolegaste på albumet, og om lag 15 sekund av songen kjem om att heilt i starten av albumet, og viser til det sykliske temaet på plata. Dei siste orda før songen endar er: «Isn’t this where...». Resten av setninga finn ein i det albumet byrjar med «In The Flesh?», og er «...we came in?»
Handling I motsetnad til resten av songane på albumet seier ikkje denne songen noko om kva som skjer med Pink. Han stadfester at muren no er øydelagd, og går vidare med at mange folk har sosiale barrierar, og at dette er eit gjentakande mønster; når ein person kjem tilbake til samfunnet vil ein annan person forlate det.
Filmversjon Ein lengre og meir omstendeleg versjon vart spelt inn for filmen, og er over fire minutt lang (medan originalversjonen er litt meir enn eitt og eit halvt minutt). Denne versjonen inneheld orkester og eit kor, og Waters syng med meir melodi enn på albumversjonen. Denne versjonen har aldri vore gjeve ut offisielt, men vart seinare brukt under rulleteksten for The Wall Live in Berlin.
Medverkande Pink FloydVernon Fitch & Richard Mahon. Comfortably Numb – A History of The Wall 1978–1981 (2006), s. 113. Roger Waters – vokal
med:
Frank Marocco – concertina Larry Williams – klarinett Trevor Veitch – mandolin Barnekord frå New York – korvokal
Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar om einsemd