mini|Ein regnbogeslange i aboriginsk bergkunst. Regnbogeslangen er ein dyreskikkelse i australsk mytologi. Aboriginarane, urfolket i Australia, fortel myter der regnbogeslangen skapte fjell, elver og sjøar. Regnbogeslangen held til i vasshol, og kontrollerer vassforsyninga. Det finst mytar om regnbogeslangen i heile Australia, særleg i Arnhem Land i Nordterritoriet. Slangen er kjend under fleire ulike namn i dei ulike aboriginspråka, som Wagyl, Almudj og Ngalyod.

Det finst tradisjonelle avbildingar av regnbogeslangen finst på holeveggar og på borkstykke. Dei eldste holemåleria er kring 8 000 år gamle.  I nokre seremoniar ærar ein slangen ved å måla sitt eige handtrykk på slangen.

Det finst teoriar om at tradisjonen med regnbogeslange oppstod ved slutten av siste istid. Stigande havnivå tvinga menneska til å trekkja lenger innover i landet. Regnbogeslangen blei eit symbol på både skaping og destruksjon, og på fred og samhald.

Forteljinga om regnbogeslangen I Drøymetida hjalp regnbogeslangen menneska med å finna vatn. I byrjinga vakna regnbogeslangen frå søvnen sin, og kjempa seg opp gjennom jordskorpa. Mens han rørte seg fram gjennom det øydelege landskapet etterlét han djupe spor. Regnbogeslangen kalla froskane fram frå under jorda; han kitla froskane, og når dei lo, strøyma vatnet ut av munnen deira. Vatnet fylte spora til slangen, og danna elver og sjøar.

Sakte byrja graset å veksa. Så vakna alle dyra i Australia - fuglar, øgler, slangar, kenguruar, koalaer og dingoar - og fann plassen sin på jorda.Magic Tree House, Dingoes at Dinnertime

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Regnbueslangen» frå , den 10. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mytologiske ormar Kategori:Australsk mytologi