Boliviadelfin (Inia boliviensis eller Inia geoffrensis boliviensis) er ein elvedelfin som lever i ferskvatn i den øvre delen av Madeira-vassdraget i Amazonasbekkenet, hovudsakleg i Bolivia. Han er lokalt kjend som bufeo.

Det er usemje om han skal reknast som ein eigen art eller som ein underart av amazonasdelfinen (Inia geoffrensis). Society of Marine Mammalogy og Verdas naturvernunion (IUCN) held fram med å rekne boliviadelfin som ein underart inntil avgjerande prov er lagt fram.

Skildring Boliviadelfinen er blant dei største ferskvassdelfinane i verda, og kan bli opptil 2,8 meter lang og vege opptil 180 kilo. Han har kraftig bygd kropp, lang snute og ei markert panne. Samanlikna med slektningen sin, amazonasdelfin (Inia geoffrensis), har boliviadelfin fleire tenner, ein mindre hovudskalle og ein lengre kropp.

Utbreiing og leveområde

Arten lever i den øvre delen av Madeira-vassdraget i Amazonas. Boliviadelfinar er isolerte frå amazonasdelfinar av stryk og demningar i Madeira. Han finst mellom anna i vassdraga til elvane Mamoré, Yata og Guaporé/Iténez, men han har fråvære frå det vide Beni-vassdraget (bortsett frå dei nedste 30 km nedanfor Cachuela-stryka). Utbreiinga i Bolivia omfattar delar av departementa Pando, Beni, Santa Cruz og Cochabamba. Elvevatnet i Amazonas er ofte grumsete. Boliviadelfinar nyttar ekkolokalisering for å orientere seg og finne føde som består hovudsakleg av fisk. Men han et òg krepsdyr og andre små vasslevande dyr.

Trugsmål og vern

Boliviadelfinen er utsett for fleire trugsmål, mellom anna overfiske, forureining, tap og endringar av leveområde, båttrafikk og bygging av vasskraftverk. Dyr som er funne døde, har hatt skadar som kan stamme frå fiskegarn og menneskeleg aktivitet. Demningar i Madeira-vassdraget kan endre straumtilhøva, påverke fiskebestandane og hindre rørsler mellom bestandar. Slike inngrep kan òg dele leveområda opp i mindre, isolerte område. Båtar med utanbordsmotorar kan forstyrre delfinane og skade eller drepe dei med propellane.

I 2012 vart boliviadelfinen erklært som ein del av naturarven til Bolivia gjennom ein nasjonal lov. Han er òg oppført i vedlegg II til CITES, konvensjonen om internasjonal handel med truga artar av vill fauna og flora.

I Bolivia har arten vore vurdert som sårbar på grunn av mogleg tap av leveområde og reduksjon av populasjonen. IUCN har vurdert amazonasdelfinen, inkludert den bolivianske underarten, som sterkt truga (EN). Denne vurderinga gjeld amazonasdelfin som art og er ikkje ei eiga vurdering av boliviadelfin som sjølvstendig art.

Betre kunnskap om bestandane og tiltak for å redusere forureining og skade frå fiskeri og båttrafikk er viktige for å sikre framtida til arten.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Inia geoffrensis boliviensis» frå , og frå delar av artikkelen «Bolivian river dolphin» frå , den 24. oktober 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvedelfinar Kategori:Amazonas Kategori:Dyr i Bolivia