Brunflekka perlemorveng (Boloria selene) er ein sommarfugl som tilhøyrer gruppa perlemorvenger (Argynnini) i den artsrike familien flikveinger (Nymphalidae). Han er vanleg over det meste av Noreg bortsett frå ytst ved vestkysten. Det finst mange liknande arter.

Utsjånad Brunflekka perlemorveng er ein middelsstor (vengespenn 30-40 mm) sommarfugl. Vengene er brunoransje med svarte flekkar og tverrstriper. Undersida til bakvengene er nettmønstra i gult, brunt og kvitt. Det finst mange ganske like arter i slekta Boloria. For å skilja dei må ein undersøka mønsteret på undersida av bakvenga.

Levevis Larvene lever på ulike artar av fiolar (Viola spp.). Dei vaksne sommarfuglane flyg i juni–juli på enger og i lysningar i skogen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brunflekka perlemorveng» frå , den 28. oktober 2026. oppgav desse kjeldene:  

Eliasson, C.U., Ryrholm, N., Holmer, M. Jilg, K. & Gärdenfors, U. 2005. Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Dagfjärilar. Hesperiidae – Nymphalidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala. ISBN 91-88506-51-7 Aarvik, Leif, Berggren, Kai, Hansen, Lars Ove. 2000. Norges Sommerfugler. Catalogus Lepidopterorum Norwegiae. Norsk entomologisk forening. 192 sider. ISBN 82-995095-1-3 Aarvik, Leif, Hansen, Lars Ove, Vladimir Kononenko. 2009. Norges Sommerfugler. Håndbok over Norges dagsommerfugler og nattsvermere. Norsk entomologisk forening, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. 432 sider. ISBN 978-82-996923-2-8

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sommarfuglar Kategori:Insekt i Noreg