«Space Oddity» er ein song av den britiske artisten David Bowie frå 1969. Songen vart gjeven ut på singel i juli 1969. Songen finst i to forskjellige versjonar frå 1969. Den opphavlege, og kortare, versjonen av songen (3:48) vart nytta i marknadsføringsfilmen Love You Till Tuesday. Den lengre, nyinnspelte, versjonen (5:18) vart gjeven ut som opningssporet på David Bowie i 1969.

Songen omhandlar den oppdikta astronauten Major Tom, som på mystisk vis forsvinn i verdsrommet, og kom ut i ei tid då det var stor interesse for romfart. Månelandinga til Apollo 11 skjedde berre fem dagar etter singelen kom ut, og BBC spelte songen som ein del av dekninga av hendinga.

Utanom tittelen, som speler på filmen 2001: A Space Odyssey, er introduksjonen i songen berre så vidt høyrbar og byggjer seg opp på liknande vis som den djupe basstonen i Also sprach Zarathustra som vert mykje nytta i filmen.

Songen fekk Ivor Novello-prisen i 1969, i lag med Peter Sarstedt sin «Where Do You Go To (My Lovely)?». Det vart den første hitten til Bowie i Storbritannia og vart så kjend at det andre albumet til Bowie, som opphavleg vart gjeven ut som David Bowie i Storbritannia (det same namnet som debutalbumet) fekk nytt namn etter denne songen i nyutgjevingane som kom etter 1973. Då singelen kom ut på ny som ein del av ein maxi-singel i 1975, gjekk songen heilt til topps på den britiske singellista.Marknadsført som RCA Maximillion Series, 3 Tracks For The Price of 2 (RCA 2593). Songane var «Space Oddity», «Changes» og «Velvet Goldmine» (RCA 2593).

Songen markerer på mange måtar starten for den kjende delen av karrieren til Bowie. Det var den første singelen hans for Philips og Mercury. Den første singelen som nådde topp 10 på singellista (og seinare toppen av lista i Storbritannia). Det er den første songen på plata og sidan den første songen på stort sett alle samleplatene hans. «Space Oddity» har på mange måtar definert Bowie, kanskje fordi songen er like skiftande som Bowie sjølv har vore. Det er ein song for kjærleiksbrot, ein eksistensiell voggesong, ein produkttest, ein alternativ romfartshistorie, eit kalkulert karrièresteg og symbolsk heilt til slutten på draumen til motkulturen. Det er ein barnesong, ein song om dop, ein song om død og markerer fødselen til den første suksessrike, mytiske rollefiguren til Bowie.

Bowie skreiv om Major Tom i seinare songar òg, i «Ashes to Ashes», «Hallo Spaceboy» og «Blackstar». Den tyske songaren Peter Schilling hadde ein hit i 1983 med «Major Tom (Coming Home)» som er ei attforteljing av songen. I 2013 vart songen igjen populær då han vart spelt av den kanadiske astronauten Chris Hadfield ombord på Den internasjonale romstasjonen. Dette var den første musikkvideoen som vart filma i verdsrommet.Chris Hadfield sings "Space Oddity" in the first music video in space

I januar 2016 vart songen igjen populær på ny etter David Bowie døydde, og nådde tredjeplassen på iTunes den 12. januar 2016.

Komposisjon

«Space Oddity» er ei sterk soge, som har tatt tittelen frå Arthur C. Clarke-boka, og Stanley Kubrick-filmen, 2001: A Space Odyssey, som begge kom i 1968. Likskapen i titlane tyder på at Bowie hadde filmen i tankane då han skreiv songen. Hovudkarakteren i filmen og romanen vert kalla David Bowman. Filmen byrja å gå i London i mai 1968 og gjekk i fleire månader. Bowie og Visconti såg filmen fleire gonger i løpet av sommaren og Bowie skal ha vore særleg slått av av dei siste scenane av eit «barn» flytande i rommet over jorda. Så mot slutten av 1968, då manageren til Bowie bad han skrive ein ny song for filmen Love You Till Tuesday, hadde Bowie eit scenario i tankane. Sjølv om 2001-filmen kan ha vore hovudinspirasjonskjelda, kan det ha vore fleire andre science fiction-soger som påverka Bowie. I tillegg gjekk Apollo-ferdene. Bowie skreiv «Space Oddity» kring Apollo 8-ferda til månen i 1968, der ein på fjernsyn kunne sjå jorda frå raketten.

Då Bowie byrja å skrive songen, arbeidde han med den dåverande partnaren John Hutchinson, og var i ein dårleg tilstand. Utsiktene til å bli popsongar var i ferd med å forsvinne og det intense forholdet hans til Hermione Farthingale var over, noko Bowie fortalte i eit intervju på VH1 Legends i 1997. Bowie innrømde òg fleire år seinare at han i 1968 ein kort periode prøvde heroin, og somme har hevda at «Space Oddity» i røynda er ein heroinsong, og at «liftoff»-delen er nåla som treff blodåra. Bowie spelte den første versjonen av songen inn dagen etter det endeleg var slutt med Farthingale, noko som har ført til at biografane har spekulert i om tankane til Bowie reflekterte den lukkesalige isolasjonskjensla til Major Tom, eit ønske om å frigjere seg heilt frå forviklingane til menneska og berre drive inn i det store tomrommet.

Sjølv om framandgjering er nøkkelen til songen, er han ikkje naken eller fortvila i det heile, og har somme barneliknande kvalitetar: teksten i starten høyrest ut som ein leik mellom to gutar med walkie-talkie med eit enkelt ordspel der «Can you hear me Major Tom? Can you hear» glir direkte over i «here am I floating round my tin can». ) og som David Buckley skriv, så nyttar Bowie ofte barneord i staden for meir «tekniske» ord, som «spaceship» i staden for «rocket», «countdown» i staden for «ignition sequence», og sjølv namnet Major Tom verkar å vere ein 50-tals actionhelt enn ein faktisk astronaut.

Songen er ofte tolka til å omhandle sjølvøydelegging og det å vere fråskilt menneskelegheita. Major Tom si kryptiske melding «Though I'm past one hundred thousand miles / I'm feeling very still / And I think my spaceship knows which way to go / Tell my wife I love her very much (She knows!)», tyder på at han lever og har det bra, og vel å slå av kommunikasjonen med bakkekontrollen.

Det virkar som om Bowie stadfestar denne tolkinga i oppfølgjaren til «Space Oddity», «Ashes to Ashes» frå 1980, der bakkekontrollen til slutt får følgjande melding frå Major Tom: «I'm happy, hope you're happy too». Andre tolkar songen som ein metafor for narkotikabruk, og særleg heroin. I «Ashes to Ashes», kan kommunikasjonsmangelen til Major Tom tolkast som eit menneske som har mista kontakten på grunn av narkotika. «Space Oddity» er stundom tolka som «ein dårleg rus». I starten av songen tar Major Tom piller («take your protein pills and put your helmet on»), og pillene har sin effekt («and I'm floating in a most peculiar way / and the stars look very different today»), men til slutt kjem aldri Major Tom ut av rusen.

«Space Oddity» var den mest intrikate songen Bowie hadde skrive til då. I løpet av fem minuttar er det ein intro, to vers, to fire taktar lange akustiske gitar-mellomspel, ein «liftoff»-sekvens med gitar og strykarar, ein 12-taktar lang elektrisk gitarsolo, eit tredje, lengre vers som delvis er eit refreng («Can you hear me Major Tom?»-delen) og ein lang avslutning som inneheld ein andre gitarsolo. Det vert nytta kring 15 forskjellige akkordar og teksten er stundom synkroniserte til endringane (i mellomspelet, då Major Tom flyt aleine i rommet «far above the world» («langt over jorda») er dei første akkordane Fmaj7 og Em7, dei to akkordane som den illevarslande introen hadde flytta seg mellom). Trass i denne kompleksiteten, har songen atmosfære og rom, og sjølv om han er konstant i rørsle, har han ein stillheit i sentrum.

Songen var meint å vere ein duett. Opningsverset vart opphavleg sungen av Hutchinson (som ein kan høyre i demoen), som hadde lågare toneregister, medan Bowie harmoniserte ein oktav høgare. Hutchinson opna det andre verset som «ground control» fram til den store avsløyringa: Major Tom talar til slutt, der Bowie syng i den mest klangfulle stemma si. Hutchinson hugsa at han og Bowie elska Bookends av Simon and Garfunkel, og her syng Hutchinson som «Simon», medan Bowie syng den lysare stemma som «Garfunkel». Eit par månader seinare hadde Bowie utvikla seg nok som songar til at han kunne spele alle rollene sjølv, og song songen solo.

Fleire andre artistar har laga songar som omhandlar liknande tema, og som gjenspeglar Bowie-songen. I tillegg til Bowie sin eigen «Ashes to Ashes» gav Elton John ut songen «Rocket Man», som fortel soga om ein einsam astronaut i verdsrommet, som er «not the man they think I am at home». Bowie viser til Elton John då han i ei konsertutgåve av «Space Oddity», gjeven ut på David Bowie BBC Sessions 1969-1972, syng «I'm just a rocketman!». I 1983 gav den tyske popsongaren Peter Schilling ut sin eigen versjon av soga, kalla «Major Tom», sjølv om han lenge hardnakka hevda at han aldri hadde høyrt om Bowie sin song.

Bowie returnerte igjen til soga i 1995, der ein remix av The Pet Shop Boys av songen «Hallo Spaceboy» brukte delar av teksten frå den originale «Space Oddity». Denne songen, som opphavleg var på plata Outside, vart gjeven ut på singel.

Innspeling mini|Romstasjonen i filmen 2001: A Space Oddyssey. Filmen var ei inspirasjonskjelde for «Space Oddity». Etter at Bowie forlét plateselskapet Deram, forhandla manageren hans Kenneth Pitt fram ein avtale om eit album (med opsjon på eitt til to album i tillegg) med Mercury Records, og den britiske avdelinga deira Phillips i 1969. Sjefane i Mercury hadde høyrt eit lydband med ein demo av «Space Oddity», spelt inn av Bowie og den dåverande musikalske partnaren sin John Hutchinson våren 1969. Ein enno tidlegare versjon av songen vart spelt inn 2. februar 1969 for promofilmen Love You Till Tuesday.Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.147, 145

På den første innspelinga for Love You Till Tuesday den 2. februar 1969, er det meste av songstrukturen på plass. Rytmen er ikkje heilt rett og eit par seksjonar høyres spinkle ut, til dømes ein skrikande fløytesolo i staden for den seinare elektriske gitarsoloen. Då Bowie og Hutchinson spelte inn songen som ein demo, som var ein del av prøvespelinga for Philips/Mercury, i mars-april 1969, introduserte Bowie Stylophone-instrumentet på songen. Stylophone-instrumentet hadde Bowie fått då produsenten sendte eit tidleg eksemplar til manageren til Bowie. Instrumentet var ein primitiv, berbar synthesizer, som hadde to innstillingar, «normal» og «vibrato». Ein spelte på instrumentet ved å røre ein liten stift på eit bitte lite klaver, som så lukka ein krins og sendte ut ein tone. Bowie leika med instrumentet ei stund før han fann ut korleis han kunne lage den summande progresjonen som vart grunnlaget for dei første versa av songen.

Bowie prøvde så å finne ein produsent. George Martin avslo tilbodet, medan Tony Visconti likte demoutgåva av songane til albumet, men syns at singelen «Space Oddity» var eit «billig forsøk» på å utnytte Apollo 11-ekspedisjonen, og gav produksjonsansvaret vidare til Gus Dudgeon.Life on Two Legs - biografi av Norman Sheffield Songen vart spelt inn i Trident Studios en 20. juni 1969 (med fleire lydspor nokre dagar seinare) og med på albumet var studiomusikarane Rick Wakeman (mellotron), som seinare vart kjend med det progressive rockebandet Yes, og Mick Wayne (gitar), Herbie Flowers (bass) og Terry Cox (trommer).Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.153-154, 155

Songen vart nytta i marknadsføringa for instrumentet Stylophone, som Bowie speler på songen og som kan høyrast i bakgrunnen under opningsverset. Singelen vart ikkje spelt av BBC før etter Apollo 11-mannskapet var trygt attende. Etter denne langsame starten nådde songen femteplassen på på den britiske singellista. I USA nådde han ikkje meir enn 124. plassen.

Lydspor I 2009 gav Bowie ut «Space Oddity» på ny som ein digital EP, der ein kan finne dei åtte opphavlege lydspora som vart sett saman til den endelege songen: