mini|Voldskyrkja vart innvigd i 1932 Søre Sunnmøre prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Volda.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Prestetenesta lokalt vart tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda:
Prestegjeld og sokn i Søre Sunnmøre prosti
Volda prestegjeld med Volda sokn Dalsfjord sokn Austefjord sokn Kilsfjord sokn
Hjørundfjord prestegjeld med Hjørundfjord sokn Storfjorden sokn
Ørsta prestegjeld med Ørsta sokn Vartdal sokn
Vanylven prestegjeld med Vanylven sokn Syvde sokn Rovde sokn Åram sokn
Sande prestegjeld med Sande sokn Gursken sokn
Herøy prestegjeld med Herøy sokn Leikanger Indre Herøy sokn
Ulstein prestegjeld med Ulstein sokn Hareid sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Sunnmøre