Faaker See er ein alpeinnsjø nord for Mittagskogel i delstaten Kärnten i Austerrike. Elvene Wourounitza og Rotschitza gjev vatn til innsjøen. Wourounitza fører med seg fine kalkpartiklar ut i innsjøen, noko som gjev innsjøen den spesielle turkise fargen. Området er populært blant turistar og her finn ein både hotell, gjesthus, pensjonat og campingplassar med restaurantar, caféar og pubar. Her kan ein mellom anne vindsurfe, segle og spele golf, i tillegg til ei rekkje andre sportsaktivitetar. European Bike Week er eit årleg arrangement her første veka i september.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i Austerrike Kategori:Kärnten