David Live er det første offisielle konsertalbumet til den engelske musikaren David Bowie, opphavleg gjeve ut på RCA Records i 1974. Det vart spelt inn i juli det året, under den andre delen av den amerikanske Diamond Dogs-turnéen i The Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania, ein forstad til Philadelphia. Bowie hadde hatt ein pause for å spele inn musikk for albumet Young Americans, og starta turneen på nytt, men kalla han då Philly Dog-turnéen. Denne delen av turneen vart meir soul-prega enn den første delen.

Albumet viste Bowie sin overgang frå Ziggy Stardust-perioden til «plastikksoul»-perioden hans på Young Americans. Sjølv om omslaget viste Bowie i «soul-klede» - ein kvit dress - var det framleis fleire songar frå 1972-1973 perioden. Turnéen var Bowie sin mest ambisiøse til då, og hadde ei gigantisk kulisse som skulle bringe fram «Hunger City», den post-apokalyptiske settinga på Diamond Dogs, og eit band leia av Michael Kamen. På songen «Space Oddity» song Bowie songen inn i ein mikrofon forma som ein telefon, medan han sat i ein stol som vart løfta ut over publikum. Ein av dei første rockumentarane gjennom tidene vart filma av Alan Yentob, Cracked Actor for BBC, frå turneen.

I 2005 vart albumet gjeve ut på ny med fire ekstra spor, etter å ha blitt grundig miksa på ny av Tony Visconti.

Bakgrunn og innspeling Det var problem å spele inn konserten. Det meste av korvokalen, delar av saksofonen og pianosoloen for «Aladdin Sane» måtte spelast inn på nytt i studio (noko som står omtalt på plateomslaget), fordi lyden deira falt bort. I følgje platenotata: «Dette konsertalbumet var henta frå framføringa 14. og 15. juli 1974 i The Tower Theatre, Philadelphia. Det er komplett og eksakt. Det er ingen innspelingar i studio eller nyinnspelingar av røyster, instrument eller publikum, bortsett frå fleire bitar av korvokal fordi mikrofonen mista kontakten.» Det er òg noko forvirring kring datoane for innspelinga. I følgje Tony Visconti er dei korrekte datoane 11. og 12. juli 1974'.Pegg, p. 373 I følgje samlaren Jens Döpke er dei første trykka av plata feil når det står 14. og 15. juli 1974. Desse datoane må vere feil fordi Bowie spelte på The Tower Theater seks kveldar på rad, frå 8. til 13. juli. På seinare utgåver står det 12. og 13. juli, som heller ikkje skal vere heilt korrekt. I følgje Döpkeer dei korrekte datoane 10. til 13. juli 1974. Det vart opprør bland bandet til Bowie bak scenen under The Tower Theater-konsertane. Dei vart informert kort tid før konsertane at dei kom til å bli tekne opp for eit konsertalbum, og at dei kom til å få standard betaling for eit konsertopptak (berre 70 dollar). Bandet konfronterte Bowie ein time før den første konserten og nekta å gå på scenen med mindre dei fekk 5 000 dollar kvar.

Mottaking og ettermæle

Det ferdige albumet er blitt kritisert for dei mange omarrangeringane av songane og for den anstrengte vokalen hans. Meiningar om kvaliteten på musikarane er òg delte, trass i anerkjende artistar som Michael Kamen, Earl Slick og David Sanborn, i tillegg til Herbie Flowers, Mike Garson og Tony Newman frå Diamond Dogs-innspelingane. Men somme tolkingar fekk ros, som den livlege jazz-latin-versjonen av «Aladdin Sane» og den atmosfæriske instrumentalen på «The Width of a Circle» frå The Man Who Sold the World. Plata er òg kjend for å vere første gongen Bowie gav ut «All the Young Dudes», ein song opphavleg gjeven til Mott the Hoople for albumet deira frå 1972 med same namn.

Mick Jagger kommenterte albumet på den tida og sa han syntest «Knock on Wood» var «forferdeleg». Jagger sa vidare «Om eg hadde fått slik kritikk som det albumet fekk, ville eg ærleg talt ikkje spelt inn musikk igjen. Aldri.»The Rolling Stones – Off The Record by Mark Paytress, Omnibus Press, 2005, page 245.

Bowie sa seinare at «David Live var det endelege døden til Ziggy… Og biletet på framsida. Herregud, det ser ut som eg nettopp har stått opp frå grava. Det var faktisk slik eg kjende meg. Plata skulle ha fått namnet 'David Bowie Is Alive and Well and Living Only in Theory'».Ein referanse til Jacques Brel, som Bowie spelte songar av, og musikalen Jacques Brel Is Alive and Well and Living in Paris

Salslister David Live nådde andreplassen på den britiske albumlista, femteplassen i Canada og åttandeplassen i USA. «Knock on Wood» kom ut på singel og nådde tiandeplassen i Storbritannia.

Innhald LP: RCA Victor / APL2-0771 (Storbritannia)

CD-utgåver Albumet kom først ut på CD i 1990 på Rykodisc/EMI, med to bonussongar og introduksjonen til Bowie av bandet. Ei ny utgåve av albumet kom ut på CD i 2005 på EMI/Virgin, med to ekstra bonusspor (sjølv om versjonen av «Panic in Detroit» tidlegare var gjeven ut som B-side til den britiske singelen «Knock on Wood», og på nyutgjevingar av samleplata Rare). Songane vart plasserte i rett rekkefølgje, inkludert bonusspora. I tillegg var albumet miksa heilt på nytt av Tony Visconti og hadde betre lyd enn originalutgåva. I 2016 var albumet inludert, i to versjonar i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976). Ein versjon var den originale miksen og dei same spora som var på det originale vinylalbumet, den andre var lik utgåva frå 2005 med ny ommastring.Who Can I Be Now? (1974–1976) details at davidbowie.com Sistnemnde vart òg gjeven ut på ny på CD og vinyl i 2017.Bowie ‘Who Can I Be Now' vinyl available separately and competitively priced at superdeluxeedition.com

1990 Rykodisc/EMI

2005 EMI/Virgin (CD)

2005 EMI/Virgin (LP)

Rock Concert/David Bowie at the Tower Philadelphia Ein redusert versjon av David Live kalla Rock Concert kom ut på ei enkel plate på RCA i Nederland i 1979. I 1982 vart ho igjen gjeven ut i Nederland under namnet David Bowie at the Tower Philadelphia.

Medverkande David Bowie – vokal Earl Slick – gitar Herbie Flowers – bass Michael Kamen – elektrisk piano, Moog, obo, arrangements Tony Newman – trommer Pablo Rosario – perkusjon David Sanborn – altsaksofon, fløyte Richard Grando – barytonsaksofon, fløyte Mike Garson – piano, Mellotron Gui Andrisano – korvokal Warren Peace – korvokal

Salslister Album ÅrListePlassering19741974197419742005200520112017

Singel ÅrSingelListePlassering1975«Knock on Wood»UK Singles Chart101975«Knock on Wood»Norway's single chart10

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull7. november 1974

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «David Live» frå , den 9. februar 2007. oppgav desse kjeldene: Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story, Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie

Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 1974 Kategori:EMI Records-album Kategori:Rykodisc-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:RCA Records-album