mini| Jeanne d'Arc si underskrift Johanna og Johanne er kvinnenamn danna som ei hokjønnsform av det greske namnet Johannes, som tyder 'Gud er nådig'.

Kortformer av namnet i norsk er Hanna, Hanne, Janna og Janne. Jankva (slavisk), Joan, Jane (engelsk) og Jeanne (fransk) er døme på andre former av namnet.

Johanna og Johanne har namnedag i Noreg den 21. juli.

Bruken av namnet i Noreg Namnet har vore mykje brukt i Noreg, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste tjue åra har populariteten til namnet stige.

Nordmenn som oppgav Johan(n)a eller Johanne som fornamn i folketeljingane: 1801: Ca. 9 800 1900: Ca. 32 200 Bruken i dag: 2007: Ca. 1950 hadde Johanna til første fornamn 2007: Ca. 4760 hadde Johanne til første fornamn

Johanna som bibelsk namn Johanna, ei av kvinnene som fylgde Jesus, og som sidan vart blant dei første til å vitne om at han va stått opp or grava (Evangeliet etter Lukas, 8.3 og 24.10)

Kjende namneberarar mini|Jeanne d'Arc Jeanne d'Arc (1412-1431) eller Johanna frå Orléans, fransk fridomshelt og helgen Johanna Schwartz, norsk forfattar Johanna av Castilla (1479-1555), spansk dronning, kjend i historia som Johanna den vanvittige grunna ei sinnsliding.

Kjelder

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:kvinnenamn kategori:førenamn av gresk opphav kategori:førenamn av hebraisk opphav