Astrid Krog Halse () var ein norsk lærar og lyrikar, som er kjend for dikt på meldalsmål.
Astrid Krog Halse var fødd inn i ein lærarfamilie. Som vaksen arbeidde ho òg som lærar, først på Ørlandet og i Hommelvika, før ho slo seg til ro ved Strindheim skole i Trondheim.
Verk Krog Halse skreiv dei fleste dikta i tida si i Trondheim, men dei var sterkt påverka av oppveksten i Meldal. Debuten kom i 1961 med diktsamlinga Marimesse. I alt gav ho ut elleve diktsamlingar for born og vaksne, nokre av dei var gitt ut privat. Ho las sjølv fleire av dikta sine i Ønskediktet medan dette programmet gjekk i NRK radio. Ho fekk Meldal kommune sin kulturpris i 1998. Målet hennar mor, dikt i samling, kom på eit lokalt forlag i 2000. Ho har også skrive barneskodespel og lokalhistorie frå Meldal.
Mange av dikta har gode kjelder i dialekt og historie i Meldal. Meldalsdialekten høyrer til gruppa indre sørtrøndermål.Meldalsmålet er omtalt av Ola Stemshaug i bygdeboka bind 1 for Meldal (frå side 395).
Dikta varierer mellom naturskildringar, dystre eller muntre historier, regler eller personlege tema. Dikta har bunde, taktfast form og har inspirert mange musikarar til tonesetting.
Musikkgruppa Gåte sette musikk til fleire av tekstane hennar. Mange andre komponistar og musikarar har også sett toner til dikta til Astrid Krog Halse. Eit utval av desse er medteke under.
Privat Halse var svigerdotter til forfattaren Leif Halse.
Dei siste åra av livet levde Krog Halse på Ranheim sjukeheim i Trondheim.
Diktsamlingar 1961 - Marimesse, debut 1964 - Løssi-natta 1966 - Gull over gråstein 1968 - Trettondagskvelden 1969 - Oska og elden 1970 - Dolsi Dalom: åt bånnom 1973 - Storofsin 1974 - Ante i Åsa, barnedikt 1975 - Myrull 1982 - Medaldal med segn og soge 1994 - Gardgras 2000 - Målet hennar mor, inneheld alle dikta hennar nb.no Utvalde dikt er illustrert av Kai Krog Halse
Tonesettingar (utval) 2022: Ronny Kjøsen og Ingrid Storlimo, Advent (single) 2013: Marthe Belsvik Stavrum: «Eg siglar min båt» på CD-en Speilets tale 2012, 2015: Heidi Skjerve, i alt 6 tonesettingar: 3 på CD-en Vegen åt deg, 2 på CD-en Jazz frå skogom, 1 på CD-en Still. 2008: Wenche Hovstein Olsen: 5 tonesettingar 2008, 2015, 2020: Karstein Mauset, i alt 14 tonesettingar: 4 på CD-en Bastuba (med Perikom), 3 på CD-en Flomål (med Perikom), 7 på CD-en Fredlaus 2003-2005: Gåte: I alt 6 tonesettingar på CD-ane Gåte, Jygri og Iselilja 1990? Ronny Kjøsen: 3 tonesettingar/arrangement 1985-1990: Laila Fagerhaug Grut, i alt 23 tonesettingar: Dei fleste på kassettane Låt og Olåt, Kåsså Råsså og Ante i Åsa 1982-1985: Tor Haldberg: 22 tonesettingar 1970-1979: Per Hjort Albertsen: 8 tonesettingar, 5 på CD-en Selected Works i 2013 1970: Geirr Tveitt: Eg møte deg alder, på CD-en Tonen med Birgitte Grimstad. 1964-1976: Sigmund J. Stai: 7 tonesettingar 1961: Paul Okkenhaug: No kime' alle klokkun
Kjelder
Diktinga lever vidare , Avisa Sør-Trøndelag
Sunndal folkebibliotek og Sør-Fron bibliotek Wangsmo antikvariat - 2
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Meldal