Mustafa Pasja bru eller Starijat most (Старият мост) (Den gamle brua) er ei bogebru over Maritsa i Svilengrad, sør i Bulgaria. Ho vart opna i 1529, og er representativ for tidleg osmansk arkitektur. Brua er eit av symbola på Svilengrad, og er ei av årsakene til framgangen byen har hatt gjennom hundreåra. Ho er om lag 300 meter lang, 6 meter brei, og har 20 bogar.

Ein flaum øydela nokre av bogane i 1766, og ein rekonstruksjon stod ferdig i 1809.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Old Bridge, Svilengrad» frå , den 11. mars 2007.

Kategori:Bruer i Bulgaria Kategori:Bogebruer Kategori:Bruer opna i 1529 Kategori:1529 i Bulgaria