Iž (italiensk Eso) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten Kroatia. Ho ligg nær Zadar, mellom Ugljan i nordaust og Dugi Otok i sørvest. Ho er stort sett bygd opp av kalkstein og dolomitt.General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 4 (Zagreb, 1978) Øya har vore busett sidan førhistorisk tid. Det er ei katolsk kyrkje frå 1000-talet på øya, og spor etter dei første kroatane går tilbake til år 1266. Dei to største busetnadane (Iž Veli og Iž Mali) ligg aust på øya. Hovudnæringane på øya er fiske, dyrking av oliven, keramikk og turisme.Iž på kroatien-fewo.net
Administrativt høyrer Iž til kommunen Zadar i Zadar fylke. Ho har eit areal på 17,59 km².Statistisk årbok 2006 for Kroatia
Folketal Folketalet i busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Mali Iž 147 215 193 Veli Iž 410 400 323 Øya Iž 557 615 516
Kjelder Referansar
Kategori:Øyar i Kroatia