Žirje er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg i Šibenik-øygruppa, om lag 22 km sørvest for byen Šibenik. Det gjer ho til den øya i øygruppa som ligg lengst frå land av dei busette øyane.Žirje på adriagate.com Administrativt høyrer øya inn under kommunen Šibenik i fylket Šibenik-Knin.
Øya har eit areal på 15,06 km².Statistisk årbok 2006 for Kroatia Folketalet har gradvis minka frå 720 innbyggjarar i 1953 til 103 i 2011, men har igjen auka noko til 147 i 2021. Den einaste landsbyen på øya heiter òg Žirje.
Žirje består av to kalksteinstoppar med ein frodig dal mellom.General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982), article Žirje. Vegetasjonen på øya er hovudsakleg krattskog.peljar.cvs.hr
Hovudnæringane på øya er jordbruk (vindruer, oliven, plommer, fiken og surkirsebær) og fiske. Sjøen rundt Žirje er rik på fisk.
Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Žirje 124 103 147
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff Žirje på infoadriatic.com Offisiell side
Zirje