mini|Brage sittande med ei harpe. Måleri av Carl Wahlbom.
Brage er i den norrøne gudetrua ein klok og veltalande gud for dikting og skaldekunst. Han er også kjøkenmeisteren i Valhall.
Brage er son av Odin og gift med Idunn. Han har ein nokså anonym plass i den norrøne mytologien, og dette kan tolkast slik at Brage berre av ein av dei mange skikkelsane til Odin.
Brage opptrer i Loketretta, forteljinga der Loke lager uro i gjestebodet til Æge. Han er den første som fortel Loke at han ikkje er ønskt, og den første til å truga han:
14. Brage kvad: "Var eg utanfor, Æges-halli so nær deg som no: hovudet ditt eg i handi mi bar; då læta du fekk for di lygn."
15. Loke kvad: "Du er ov-kar i sessen, men aldri slaget meir, Brage benkje-pryda! Kom ut og slåst, um sinna du er, djerv mann drev seg 'kje lenge."
Namnet Brage «Brage» er i dag brukt som gutenamn. Ein finn det òg i namn som Brageprisen, ein norsk litteraturpris, i Brage Forlag, Brage Fagbokhandel og Fotballklubben Brage. Bragefeltet er eit oljefelt i Nordsjøen.
Kjelder Loketretta omsett av Ivar Mortensson-Egnund, 1928
Kategori:Æser Kategori:Kunstgudar