Langfredagsfjære eller langfredagsfjøre er eit etablert omgrep for storfjære. Det er mykje brukt langs Helgelandskysten og i Salten, der det kvart år er storfjære ved påsketider, men òg i andre delar av Noreg er uttrykket vanleg.

Storfjæra på langfredagen har fleire årsaker: Skilnaden mellom flo og fjære er størst det første døgnet etter fullmåne. Sidan påskedagen er første søndag etter ein fullmåne, er det ofte fullmåne like før langfredagen. Tidevatnet vert styrt av gravitasjonskrefter frå sol og måne. På vinteren er sola nærast jorda, slik at gravitasjonskreftene frå sola er sterkast på denne tida av året. Det er ofte høgt lufttrykk og frålandsvind i månadsskiftet mars/april, slik at vasstanden vert lågare enn tidvasstabellane tilseier. Storfjøra i februar og mars vert kalla gjøfjøre. Gjø kjem av det norrøne månadsnamnet gjømånad.

Kjelder

kategori:Tidvatn kategori:Påske