mini mini Muffins er små koppforma, søte og mjuke kaker som minner om sukkerbrød. Dei blir steikte i små porsjonsformer.
Ordsoge Ordet kjem frå engelsk, der det fyrst er kjent frå 1700-talet. Opphavet er ukjent. Det kan stamma frå lågtysk muffe (fleirtal muffen), som har vore nytta om små kaker frå 1500-talet. Ein har også peikt på gammalfransk moflet, mouflet, som er kjent frå 1300-talet som eit for eit slags brød og frå 1200-talet som eit adjektiv som i denne samanhengen tyder ‘mjukt [brød]’.
I Storbritannia har ordet vist til ulike typar bakverk, og er ofte blitt blanda saman med og . Dei er ofte laga av gjærdeig med mjølk og smør i, og er ofte steikt på ei takke. På 1800-talet var det vanleg å eta dei varme til frukost eller temåltid, og dei blei ofte selde av ein gateseljar, ein , som ringte med ei bjølle. På 1840-talet blei slike bjøller forbodne av parlamentet, men dei blei framleis nytta.
Moderne muffins er ei amerikansk oppfinning. Dei blir baka i omn med bakepulver og natron som hevemiddel, og kan vera på storleik med knyttneven til ein vaksen mann eller større. Ofte blandar ein bær, frukt, syltetøy, sjokolade eller krydder i røra.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kake Kategori:Britisk mat Kategori:USA-amerikansk mat Kategori:Engelske ord og uttrykk