Sjálvstýrisflokkurin, norsk Sjølvstyrepartiet, (ofte kalla Sjølvstendepartiet/Selvstendighetspartiet), er eit sosialliberalt politisk parti på Færøyane. Ved siste val, i 2011, fekk partiet 4,2 % av røystene, og 1 representant i Lagtinget (av 33). Partileiaren heiter Jógvan Skorheim. Partiet har generelt arbeidd for større færøysk sjølvstyre, og går i dag inn for sjølvstende for Færøyane.

Historie Sjølvstyrerørsla spring ut av foreininga Føroya Framburdsfelag, som samla dei færøyske nasjonale kreftene etter julemøtet i Lagtingshuset i 1888. Partiet har vore representert i Lagtinget sidan 1906, sjølv om det ikkje vart formelt stifta før i 1909. Den første leiaren var Jóannes Patursson.

Eit av hovudpunkta for partiet i starten vår å arbeida gjennom Lagtinget for å oppnå så stor innflyting og sjølvstende som mogleg, i forståing med den danske regjeringa og riksdagen. Fram til 1918 var partiet i mindretal, men fekk ved lagtingsvalet det året for første og einaste gong reint fleirtal med 11 mandat mot Sambandsflokkurin sine 9. Partileiaren J. Patursson vart deretter Færøyane sin representant i det danske Landstinget. Etter at det andre nasjonale partiet, Fólkaflokkurin, vart oppretta i 1940, mista partiet ein stor del av si politiske påverkning.

Partiet har, etter at det har vore med på å oppnå anerkjenning av det færøyske språket og sjølvstyrelover, ført ein moderat nasjonal politikk. Det er ofte i vippeposisjon når det skal skipast ny regjering.

Valresultat 1984-2015 Årstal Mandat Røyster 1984 2 8,5 % 1988 2 7,1 % 1990 3 8,8 % 1994 2 5,6 % 1998 2 7,7 % 2002 1 4,4 % 2004 1 4,6 % 2008 2 7,2 % 2011 1 4,2 % 2015 2 4,0 %

Bakgrunnsstoff Offisielle nettsider

Kategori:Liberale parti Kategori:Sentrumsparti Kategori:Færøyske politiske parti Kategori:Skipingar i 1909