Lierne (sørsamisk: Lïjre) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han vart til i 1964 då Nordli og Sørli vart slegne saman.
Kommunen er kjend for bjørnebestanden sin. Sjølv om talet på bjørnar i området er ganske lite, skapar dei store problem for sauebøndane der.
Flyktningerennet er eit langrennsløp som vert skipa kvart år i kommunen. Løypa går frå Lierne over grensa til Sverige, og er den same som fleire flyktningar følgde under den andre verdskrigen.
Kjende folk frå Lierne Frode Estil
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Namdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1964