Lovund er ei øy i Lurøy kommune med eit areal på 4,9 km². Lovundfjellet på 625 moh. rugar over det litle pittoreske øysamfunnet som livnærer seg av havet, og då hovudsakleg av lakseoppdrett. Tettstaden Lovund har . Postnummeret er 8764 LOVUND.
Historie mini|venstre|Orografisk stratus på Lovundfjellet på ein elles klår sommardag. Det er gjort funn av busettingsspor på øya frå yngre steinalderen. Frå nyare tid har ein kjelder som skildrar leiglendingsbruk på 1500-talet. Livsgrunnlaget på øya har vore ein kombinasjon av fiske, egg- og dunvær og jordbruk i småskala. Ein topp i folkesetnaden på Lovund kan vere ca. 2000 menneske som var registrert i samband med det store sildeåret 1860. Før denne toppen var det 12 bufaste familiar som auka til 13 etter 1860. Frå 1950-talet var det typisk tre fiskebruk på øya og på det meste opp til elleve bruk. Frå ca. 1955 til 1975 var det produksjon av tørka småsei for eksport. I 1967 starta produksjonen av seilaks og i 1972 vart den første verksemda for oppdrettslaks i Nord-Noreg skipa her.
Næringsliv I 2007 var det ikkje mange att som har jordbruk som leveveg på Lovund. Mellom ca. 1975 og 2005 hadde næringsgrunnlaget i stor grad endra seg frå den typiske kombinasjonen fiske og småbruk mot havbruk og i ei viss monn mot turisme. Her finst ein emballasjefabrikk og ei verksemd som handsamar avfall frå fiskeindustri. Lakseslakteriet på Lovund har ein døgnkapasitet på ca. 70–80 tonn råstoff.
På Lovund står kyrkjebygget til Den norske kyrkja, Lovund kyrkje og eit kyrkjebygg eigd av Den evangelisk-lutherske frikyrkja ikkje langt frå kvarandre.
Lundefuglen Det finst ein fast hekkekoloni av lundefugl på Lovund, populasjonen er på om lag 200 000 individ. Kolonien kjem inn i fuglefjellet frå havet på «lundkommardagen», til vanleg den 14. april kvart år og returnerer 15. august. I 2007 var det ca. 500 personar som observerte innflyginga 14. april.
Kjelder
Stortingsmelding om marin næringsutvikling, tilråding frå Fiskeri- og kystdepartementet av 18. mars 2005 Skildring av Torstein Finnbakk Brosjyre om Vigners Motormuseum Artikkel i Rana Blad nettavis 15. april 2007
Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Fuglefjell Kategori:Geografi i Lurøy