Baïgura er eit fjell i indre område av Fransk Baskarland i Frankrike med ei høgd på 897 meter over havet.

På vegen mellom Hélette og Louhossoa ligg det eit fritidssenter, som organiserer opplæring i paragliding på nordsida av fjella. Det er bygd radiosendarar nær toppen av fjellet.

Namn Namnet Baigura er knytt til det moderne baskiske ordet ibar «dal» / ibai «elv» og guren «grense» og tyder «enden av dalen».

Geografi Baigura er det høgaste punktet i ein liten isolert del av Pyrenane sørvest for Aquitaine, mellom dei tidlegare provinsane Labourd og Basse-Navarre.

Haltzamendi på 818 meter forlengar massivet mot sør.

Kategori:Pyreneane Kategori:Fjell i Frankrike