Couesnon er ei elv i departementet Mayenne nordvest i Frankrike, som munnar ut like ved Mont Saint-Michel. Den nedste delen av elva dannar den historiske grensa mellom hertugdøma Normandie og Bretagne. Elva har gjennom tidene skifta mellom to elveleie nord og sør for Mont Saint-Michel, men har no til slutt lagt seg til det sørlege elveleiet, noko som har ført til uttrykket «Couesnon sin galskap plasserte Mont Saint-Michel i Normandie» («le couesnon en sa folie mit le Mont en Normandie»). Den administrative grensa i dag følgjer derimot ikkje elva og ligg seks kilometer lenger vest.
Geografi mini|Dei gjørmete kantane til Couesnon er nesten som kvikksand om ein er uforsiktig. Couesnon, Sée og Sélune dannar eit komplistert vassystem i bukta til Mont Saint-Michel. Tidvatnet fører store mengder sediment med seg, som dannar store sanddyner i elva, som elvane igjen fører med seg tilbake til sjøen. mini|venstre|200px|Munningen til Couesnon ved Mont Saint-Michel. På 1900-talet vart Couesnon omgjort til ein kanal for å redusere erosjon av elvebreidda. I 1969 vart det bygd ei demning. Desse endringane av elva og vegen over til Mont Saint-Michel har ført til at det har bygd seg opp mykje gjørme ved munningen. Derfor har dei franske styresmaktene lagt fram planar om å byte ut vegen til øya med ei bru, og endre demninga slik at sedimenta igjen kan førast ut i sjøen.
Under springflo kan ein sjå ei tidvassbølgje oppover i elva.
Couesnon renn gjennom følgjande departement og byar: Ille-et-Vilaine: Fougères, Antrain Manche: Pontorson
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Couesnon» frå , den 23. april 2007.
Bakgrunnsstoff Couesnon på sandre.eaufrance.fr
Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Mayenne