Susendal kyrkje er ei tømra langkyrkje i Susendalen i Hattfjelldal sokn i Indre Helgeland prosti.
Kyrkja er bygd på dugnad av bygdefolket i Susendalen, hjelp frå næringslivet og kommunen i Hattfjelldalen. Det stod eit gammalt kapell i Susendalen, dette vart bygd i 1916, men då biskop Øystein I. Larsen var på visitas i 1998, var kapellet så forfalle at det vart semje om å avvigsle kapellet og bere ut kyrkjesølvet.
I 2001 kom biskopen attende for å vigsle den nye kyrkja. Men arbeidet med å gjere kyrkja ferdig heldt fram i tida som følgde; i mars året etter vart altertavla vigsla, sidan vart det sett inn benkar.
Susendal kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Hattfjelldal sokn. Hattfjelldal kyrkje er hovudkyrkja, elles er det òg gudstenester i Varntresk kyrkje.
Altartavla Altertavla er eit triptykon, sett saman av tre bilete, måla av Karl Erik Harr:
Biletet til venstre er såmannen, eit motiv knytt til Jesu likning om forkynninga av Guds ord og med ein parallell i jordbruket, hovudnæringa i Susendalen. Hovudmotivet viser Jesu fødsel i Betlehem. Biletet til høgre viser ei kvinne som held fram avlinga som er resultatet av arbeidet til såmannen.
mini|Den gamle kyrkja i Susendalen står enno, knapt 100 m frå nykyrkja
Kjelder Helgeland Arbeiderblad etter vigslinga Helgeland Arbeiderblad om altaravla
Bakgrunnsstoff
Den norske kyrkja i Hattfjelldal
Kategori:Kyrkjer i Hattfjelldal Kategori:Kyrkjer i Indre Helgeland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2001 Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme Kategori:Kulturminne i Hattfjelldal