Lindås kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart vigsla 20. september 1865. Kyrkja ligg i Lindås i Alver kommune, Vestland, og vart bygd like vest for der den gamle steinkyrkja stod. Arkitekt var Ole Syslak som og stod for bygginga av andre kyrkjer i Hordaland.
Historie Første gongen ei kyrkje på Lindås vart nemnd var i 1315. Dette var eit steinalter som stod under open himmel. Veggar vart reist seinare, slik at presten stod under tak, medan tilhøyrarane stod på bakken utanfor og høyrde på. Seinare vart det og reist veggar så kyrkjelyden og kom under tak. Denne kyrkja vart bygd på rundt 1600-talet og reparert ved 1700-talet. Ved bygginga av den noverande kyrkja vart gamlekyrkja riven.
Noverande kyrkje Den noverande kyrkja er ei langkyrkje i tømmer og er bygd like vest for der gamlekyrkja stod. Etter vel hundre år i drift vart kyrkja bygd om i 1969. Kyrkja fekk no nytt våpenhus oppført og dåpsventerom og sakristi vart flytta frå austenda av koret til eigne tilbygg på venstre og høgre side av kyrkja.
Kyrkja fekk sitt første kyrkjeorgel i 1906. Dette vart erstatta i 1978 med eit orgel bygd av J.H. Jørgensen og har 21 stemmer fordelt på 2 manualar i tillegg til pedal. Orgelet vart etterintonert i 1978.
Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eldste klokka vart laga av Laxevaag Værk, Bergen året 1865, medan den andre klokka vart laga av klokkestøyparen O. Olsen & Søn i Tønsberg i 1955.
Prestar i Lindås Ludvig Daae (1723–1786) 1754-1786Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer. Hugo Laurentius Hjorthøy (1778-1849) 1829-1837 Christen Daae (1776–1854) 1837-1847
Litteratur Norske minnesmerker: Norges kirker - Hordaland, bind 3 ISBN 82-05-31138-2 Våre kirker - Norsk kirkeleksikon ISBN 82-7527-022-7
Bakgrunnsstoff Norges kirker: «Lindås kirke», på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning DIS Hordaland om kyrkja Frå opninga av kyrkjeparken Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Ole Syslak Kategori:Trekyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Alver Kategori:1865 i Noreg