Mérignac er ein by og kommune i departementet Gironde i regionen Nouvelle-Aquitaine i Frankrike. Han er den største forstaden til byen Bordeaux, som han ligg like vest for, og høyrer dermed til storbyområdet til Bordeaux med om lag 1 million innbyggjarar. Sjølve Mérignac har like over 60 000 innbyggjarar.

Bordeaux internasjonale flyplass ligg i Mérignac.

Merignac Merignac