Sjå og: Brettspelet Carcassonne

Carcassonne (oksitansk Carcassona) er ein festningsby sør i Frankrike i regionen Occitanie, i den historiske provinsen Languedoc. Byen er òg préfecture (administrasjonssentrum) i departementet Aude.

Han er delt i to av elva Aude. På høgre breidda av elva ligg den øvre festninga Cité de Carcassonne med mellomalderbusetnad og doble bymurar som gjev eit bilete av festningskunsten heilt frå 500-talet til 1300-talet. Festningsbyen i Carcassonne vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1997. Den nedre bydelen på venstre breidd, Bastide Saint-Louis eller Ville Basse (nedre by), har størst folkesetnad og er den delen som veks mest. Dei to bydelane er forbunde med to bruer, Pont Vieux og Pont Neuf.

Geografi

Carcassonne ligg nord for Pyreneane, 53 km vest for Narbonne, 90 km søraust for Toulouse og 800 km sør for Paris. Byen ligg på sletta mellom Pyreneane og Massif Central, og to store trafikkruter har kryssa Carcassonne sidan antikken: Den historiske vegen mellom Garonnedalen ved Atlanterhavet og Middelhavet, og ruta mellom Massif Central og Spania langs kanten av Pyreneane. Canal du Midi, som knyter Middelhavet og Atlanterhavet saman, går igjennom den nedre bydelen i Carcassonne. Kanalen vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1996.

Historie Første teikn på busetnad i området er datert til rundt 3500 fvt. På 500-talet fvt. vart ein festningsby (oppidum) med det keltiske stadnamnet Carsac etablert to kilometer sør for dagens Carcassonne. Han hadde truleg ein iberisk busetnad. Byen vart ein viktig handelsstad for områda frå Aude til Middelhavet. mini|Tårn frå gallo-romersk tid.

Gallo-romersk periode Det galliske folket Volcae Tectosages frå Sentral-Europa tok over byen rundt 300 fvt. Dei kjempa mot innbyggjarane i byen, og slo seg ned der Carcassonne ligg i dag.

Rundt år 120 fvt. vart byen ein del av den romerske provinsen Gallia Transalpina, seinare omdøypt til Gallia Narbonensis. Den strategiske plasseringa til byen førte til at romarane laga festningsverk på bakketoppen og gjorde byen til colonia av Julia Carsaco, seinare Carcasum. Dei eldste murane i Carcassonne og mesteparten av dei nedste steinrekkene på bymuren mot nord kan daterast til gallo-romersk tid.

Denne perioden vert karakterisert av murar som strekkjer seg mellom ganske tett plasserte runde eller kvadratiske tårn. Begge delar er laga for å motstå åtak. Murane mellom tårna går i «sikksakk», fordi rette murar var meir sårbare. Av over 30 gallo-romerske tårn, er berre tre bevart: Moulin du Connétable, Moulin du Vieulas og Marquière. Desse tårna dominerer nordfasaden. Marquière-tårnet er mest autentisk, dei to andre tårna fekk dei øvste delane ombygd på 1200-talet.

Vestgotisk periode I 462 overgav romarane offisielt den vestre delen av Gallia Narbonensis, Septimania, til den vestgotiske kong Teoderik II, som hadde omleira Carcasum sidan 453. Han heldt fram utbygginga av festningsverka i byen, no kalla Carcasona, som vart verande ein grenseby mot nord. Vestgotarane kopierte den gallo-romerske arkitekturen, og det er vanskeleg å skilje byggearbeida deira frå dei eldre konstruksjonane. Mykje av det dei bygde står framleis. Teoderik skal òg ha byrja bygginga av basilikaen som no er tileigna St. Nazarius. Tidleg på 500-talet, sannsynlegvis i 533 eller kort tid etter, vart Carcasona bispesete saman med Agde og Maguelone. Det skal ha vorte bygd ein vestgotisk katedral, men den finst det ikkje spor etter i dag. Den første biskopen ein kjenner til var Sergius.

Sarasensk og frankisk periode I 508 slo vestgotarane tilbake åtak frå den frankiske kong Klodvig I. I 725 inntok derimot muslimske sarasenarar frå Barcelona Carcassonne, og byen fekk namnet Carchachouna. Den frankiske kong Pipin den yngre dreiv bort sarasenarane i 759. I 760 hadde Pipin tatt mesteparten av Sør-Frankrike, men han var ikkje i stand til å innta den ugjennomtrengelege festninga i Carcassonne.

Legenda om Dame Carcas oppstod under desse hendingane: Enka etter sarasenaren Balaak brukte krigslist for å forsvare Carcasona mot Karl den store sine troppar. Ho gav ordre om å kaste ein velfødd gris ut frå ringmuren, for å gje inntrykk av at byen hadde masse mat og velfylte lager. Åtakarane skal visstnok ha gjeve opp og forlate byen med ein gong etter dette. For å kunngjere og spreie desse gode nyhenda, ringte (fransk: sonner) Dame Carcas med byklokkene. Segna seier at det er slik bynamnet Carcas sonne har oppstått. Segna har derimot ein kronologisk feil, sidan Karl den store (Pipin sin son) overtok trona lenge etter desse hendingane.

mini|venstre|Mellomalderbyen Carcassonne.

Mellomalderen

Trencaveldynastiet Etter Karl den store døydde tok føydalsystemet over i det oppstykka landet. I 1067 vart eigedomen Carcassonne overført til Ermengard, vicomtesse av Agde og Béziers. Ho var gift med Raimond Bernard Trencavel, vicomte av Albi og Nîmes (vicomt er eigentleg vicecomte, det vil sei visegreve på norsk, òg kalla borggreve). I 1082 vart Trencavel myrda, og sonen, Bernard Aton Trencavel, utropte seg sjølv til vicomte av Carcassonne i tillegg til Albi, Nîmes og Béziers. Carcassonne var underlagt Trencaveldynastiet fram til 1209, og denne perioden var fylt med velstand og stor innflytting. Skattar frå handel førte med seg gode inntekter for byen og vicomten. Byen vart delt inn i 16 châtellenies med kvar sin vasall som hadde ansvar for forsvar av sin del av byen. Trencavelfamilien var heile tida utsett for rivalisering mellom dei to mektige naboane, Barcelona og Toulouse, og inngjekk alliansar med kvar av dei etter tur.

mini|Plan over Cité de Carcassonne på 1200-talet. I denne perioden vart det sett opp fleire nye bygningar og mange av dei eldre konstruksjonane vart restaurert. Grunnsteinane til katedralen St. Nazarius vart velsigna av Pave Urban II i 1096. Paven hadde då reist til Carcassonne for å overbevise Bernard de Trencavel om å slutte seg til krosstoget som på den tida vart organisert.

Katedralen skulle vere ein bastion mot byen sine mange kjettarar (ordet kjettar kjem frå ordet kathar av gresk katharos, som betyr rein). Trencavelfamilien bygde òg slottet Château Comtal, som vart påbyrja i 1130. Dei vestgotiske tårna og dei gallo-romerske murane, som var i dårleg forfatning etter mange åtak opp gjennom hundreåra, vart restaurert og tårna vart gjort høgare.

Den katolske kyrkja og katarane På 1100-talet vart katarismen sterkt utbreidd i områda i og rundt Carcassonne. Katarismen var ei religiøs rørsle basert på dualistisk kristen tro. På byrjinga av 1200-talet var Carcassonne prega av velstand og var sterkt folkesett, han hadde rundt 4 000 innbyggjarar. Det var fleire forstader utanfor murane, St. Vincent og St. Michel, med sitt jødiske samfunn. Den unge vicomte Raymond Roger Trencavel (1185-1209) verna katarane i sine landområde. Det var der dei vart kjent som albigensarar, etter byen Albi.

Den katolske kyrkja var svært uroleg over denne utviklinga. I 1204 utnemnde pave Innocent III tre pavelege legatar og inkvisitorar for ein ny preikemisjon mot albigensarane under abbed Arnaud Amaury av Cîteaux. Sidan kjetteri var ei lovbrot, skulle legatane ikkje berre preike, men òg overlevere kjettarane til dei sivile styresmaktene for forvising og inndraging av eigedom. Ein av dei fire, cisterciensarmunken Pierre de Castelnau, tok denne delen av oppgåva så alvorleg at han var frykta og hata i sør. Men den spanske presten Dominikus (dominikanarordenen sin grunnleggjar) overtalte legatane til heller å ta i bruk kjettarane sine metodar, som var langt meir effektive. Ved å gje avkall på all pomp og prakt som dei til då hadde omgjeve seg med og heller vere eit døme på evangelisk fattigdom, oppnådde dei straks langt betre resultat. mini|Katarar vert drivne ut av Carcassonne i 1209. Carcassonne vart kjend for sin skjebne under Albigensarkrosstoget, som pave Innocent III gav ordre om. Ein tenar av grev Raymond VI av Toulouse (Raymond Trencavel sin onkel) skal etter greven sin ordre ha drepe legaten Pierre de Castelnau den 15. januar 1208.

Pave Innocent III vart rasande og gav ordre om at militær makt skulle setjast inn mot albigensarane og føraren deira, grev Raymond, og erklærte i juli 1209 heilag krig eller kjettarkrosstog mot dei etter å ha erklært katarane som satanistar. Etter å ha inntatt Béziers og massakrert dei 20 000 innbyggjarane der, tvinga krosstogshæren til Simon de Montfort innbyggjarane i Carcassonne til å overgje seg 15. august 1209, etter å ha omleira byen i to veker. Då hadde nesten alle innbyggjarane kome seg unna gjennom underjordiske gangar og gøymd seg i skogane rundt. Av dei gjenverande 500 innbyggjarane (gamle, sjuke, born), fekk hundre forlate byen nakne, «med berre sine synders last», og dei øvrige 400 vart brende eller hengde.

Etter å ha tatt Trencavel til fange og latt han døy i sitt eige fengsel kort tid etter, tok Montfort sjølv over byen og vicomtetittelen. Han forsterka festningsverka og Carcassonne vart no ein grenseby mellom Frankrike og Aragon.

Underlagt den franske krona I 1240 prøvde sonen til Trencavel å gjenerobre eigedommane sine, men det var nyttelaust. Han vart nøydd til å gje avkall på sin rett til eigedommane i 1246. Året etter vart eigedommane til Trencavel, mellom anna Carcassonne, konfiskerte og underlagt den franske kongen, Ludvig IX. Han og etterfølgjaren Filip III forsterka festninga kraftig, saman med fem andre festningar langs grensa mot Aragon (i dagens Spania). Desse festningane vert kalla Cascassonne sine fem søner. Bygginga av ein ytre ringmur med tårn vart sett i gang i 1248. Filip fekk laga ein hovudport i den indre muren i Cité, Narbonnaiseporten, i tillegg til St. Nazariusporten med innhegning, Trésautårnet og eit vakttårn på slottet som ikkje finst i dag. Han fekk òg restaurert fleire av dei gallo-romerske tårna.

Eit opprør mot krona i 1262 vart straffa ved at ein del av Carcassonne sine innbyggjarar vart drivne ut av byen. Desse fekk etterpå lov til å busetje seg på venstrebreidda av Aude, og kong Ludvig IX grunnla den nedre bydelen Bastide Saint-Louis, som no er ein del av Ville Basse.

Festninga vart på denne tida sett på som umogeleg å gå til åtak på. I 1355, under Hundreårskrigen, mislykka Edward, den svarte prinsen i eit forsøk på å ta byen, sjølv om troppane hans øydela og brende den lågareliggande bydelen. Han vart etter kvart bygd opp att.

1500–1800

Frå 1531 spreidde den kalvinistiske protestantismen seg i området. Cité vart verande katolsk, medan den nedre bydelen konverterte til protestantismen, noko som førte til ein blodig konflikt mellom dei to bydelane i Carcassonne. I 1582 vart den nedre bydelen tildelt tittelen «ville» av Languedocstatane. Den sterke rivaliseringa heldt fram med åndeleg og politisk makt (biskopen og kongen sine representantar) i Cité på bakketoppen, og økonomisk makt og velstand i den nedre bydelen.

Ved freden i Pyreneane i 1659 vart grenseprovinsen Roussillon overført til Frankrike, og Carcassonne si militære rolle vart redusert. Dette var byrjinga på slutten for det stolte Cité. Festningsverka vart forlatne på 1700-talet og stein vart teken frå festninga til bygging av nye konstruksjonar og reparasjonar av gamle. Taka raste saman, og festninga forfall kraftig.

Den nedre bydelen blømde derimot, på grunn av tekstilindustri med produksjon av ull. Ein kongeleg fabrikk vart oppretta i 1694 på la Trivalle, denne kan ein framleis sjå i dag. Byen vart eit økonomisk sentrum og velstanden kan ein sjå på bygardane som vart oppført på 1700-talet. Etter kvart føretrekte borgarane og autoritetane bydelen Ville Basse i staden for Cité. Tekstilindustrien gjennomgjekk derimot si første krise i 1783.

I 1800 vart bydelane slått saman, og året etter vart det religiøse setet flytta frå St. Nazariuskatedralen til St. Michelkyrkja i den nedre bydelen. Napoleon I nedgraderte festninga tre år etter. Etter dette fekk festninga minimalt med vedlikehald av krigsministeriet.