For tettstaden Langevåg på Bømlo, sjå Langevåg på Bømlo
Langevåg er kommunesenteret i Sula kommune, og ligg ved enden av Riksveg 657 på nordsida av øya. Langevåg er ein del av tettstaden Ålesund, som no strekkjer seg over grensa til Sula kommune. Folketalet i den delen av tettstaden som ligg i Sula kommune er om lag 7100 (2009)
Langevåg er kjent for det gode musikkmiljøet sitt og har fostra mange profesjonelle musikarar som Ragnvald Weddegjerde og musikarane i Ytre Suløens Jassensemble og The Brazz Brothers. Robert Post har vunne to spelemannsprisar.
Langevåg kyrkje vart påbegynt i 1940, men vart pga. andre verdskrigen ikkje ferdig før i 1948. Det er ei steinkyrkje, som ligg på Steinhaugen. Arkitekt var Øivin B. Grimnæs.
Frå Langevåg går det passasjerbåt til Ålesund sentrum, medan det med bil tar ca. 35 minutt å køyre til byen.
Næringsliv Tekstilbedrifta O.A. Devolds Sønner var mykje av basis for at Langevåg voks fram som tettstad. Den er kjend for alt frå strikkagensarar til ullunderty.
Kategori:Geografi i Sula Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal