Saverne (tysk Zabern) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Grand Est, og har om lag 11 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten av Vogesane og 45 km nordvest for Strasbourg.
I 2006 hadde sjølve Saverne eit folketal på ,Commune : Saverne (67437) på INSEE og helie byområdet med omland hadde innbyggjarar.Aire urbaine 1999 : Saverne (297) på INSEE
Historie Saverne vart før i tida kalla Tres Tabernae Cesaris (Cæsar sine tre vertshus), fordi det låg tre vertshus her der reisande ofte byta oksar på grunn av den bratte stiginga opp til Lorraineplatået, og var ein viktig stad i romartida. Etter at staden vart øydelagd av germanske alemannarar vart han bygd opp att på ny av keisar Julian.Ammianus Marcellinus, Res Gestae XVI.11.11
Under den tyske bondekrigen vart byen okkupert av opprørarane i 1525, men dei vart drivne ut av Antoine, hertug av Lorraine. Byen vart hardt råka under trettiårskrigen, men bispepalasset som då vart øydelagt, vart bygt opp att like etter. I 1852 vart bygningen omgjort av Louis Napoleon til bustad for enkene til riddarar i Légion d'honneur.
Saverne vart erobra av Tyskland i 1871, og annektert av Frankrike igjen etter den første verdskrigen.
I 1913 fornærma ein tysk offiser ei gruppe alsassiske rekruttar med å kalle dei «Wackes», som er eit svært nedsettande uttrykk for alsassarar. Innbyggjarane i byen demonstrerte, noko som førte til ein overdriven militær motaksjon med ulovlege arrestasjonar. Dette er opphav til uttrykket zabernisme (frå det tyske namnet på byen), som tyder misbruk av militær makt eller ulovleg åtak.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bas-Rhin Kategori:Byar i Grand Est