Val-de-Marne er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike like søraust for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Marne. Lokalt vert departementet stundom kalla «l'neuf quatre» («Ni-firaren») etter det offisielle administrasjonsnummert til departementet, 94.
Historie Val-de-Marne vart oppretta då det tidlegare departementet Seine vart delt opp 1. januar 1968.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Seine-Saint-Denis og Hauts-de-Seine er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Val-de-Marne grensar til departementa Seine-Saint-Denis, Seine-et-Marne, Essonne, Hauts-de-Seine og Paris.
Med eit areal på berre 245 km² er Val-de-Marne eit av dei franske departementa med minst utstrekking.
Fil:Petite couronne.png
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Val-de-Marnais.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside
Kategori:Franske departement