Bouches-du-Rhône (oksitansk Bocas de Ròse) er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur, og er kalla opp etter elva Rhône.

Historie Bouches-du-Rhône er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Provence og fyrstedøma Orange, Martigues og Lambesc. Departementet mista nokre område i 1793, inkludert Orange og Apt, då departementet Vaucluse vart oppretta.

Marseille har vore ein viktig hamneby heilt tilbake til tida før Julius Cæsar erobra Gallia.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Gard i vest, Vaucluse i nord, Var i aust og Middelhavet i sør.

Marseille er den viktigaste byen i departementet med ei stor hamn.

Andre viktige byar er: Salon de Provence Aix-en-Provence Aubagne Arles Cassis Fos-sur-Mer Istres La Ciotat Martigues

Av elvar i departementet finne ein Rhône, som dannar grensa mot departementet Gard. Rhône-deltaet (Camargue)

Fjell i departementet er mellom anna: Alpilles Montagnette Montagne Sainte-Victoire Sainte-Baume

Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Bucco-rhodaniens.

Kultur Departementet er godt representert i fransk kunst. Paul Cézanne måla mange bilete av Mont Sainte-Victoire. Vincent van Gogh var mykje i Arles, der han måla mange bilete i området rundt.

Turisme Marseille og Aix-en-Provence Romerske og romanske monument i Arles Camargue og byen Saintes-Maries-de-la-Mer Alphonse Daudet si vindmølle i Fontvieille Les Baux de Provence, mellomalderlandsby Saint-Rémy-de-Provence og ruinane av den romerske byen Glanum Tarascon, mellomalderslott og kyrkje. Salon-de-Provence, byen til Nostradamus

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside Turisme i Bouches-du-Rhône Nettside frå Camargue

Kategori:Franske departement