mini|Politikaren Kristin Halvorsen. mini|Songaren Kristin Jensen i musikkgruppa Hopalong Knut. mini|Den tyske skøyteløparen Kristin Wieczorek.

Kristin er eit kvinnenamn som opphavleg er ei kortform av Kristine eller Kristina, som er avleidd av Kristian og tyder 'den kristne'. Christin er ein annan skrivemåte for Kristin.

Kristin har namnedag i Noreg og Sverige den 24. juli.

Variantar

Kristin er også eit færøysk mannsnamn, ei form av Kristian. Kristinn er et islandsk mannsnamn med same opphav. Den islandske forma av kvinnenamnet er Kristín. Fransk Christine blir uttalt nokså likt Kristin, men utan trykk og med begge i-ane korte. Kristi, Kirsti, Kirsten, Kjerstin og Kjersti er andre variantar av namnet.

Bruk I Noreg var namnet Kristin nesten ikkje i bruk før 1940, men bruken voks til ein topp på 1960-talet og fram til rundt 1985, då over 1,0 % (rundt 1965 over 1,6 %) av nyfødde jenter fekk namnet Kristin. I dag er dette det mest brukte blant nærskylde namn. Det er nær 17 000 kvinner som har Kristin til førenamn, opp mot det heitte 11 000 Kristine, 3 000 Kristina, 900 Kristi og 499 Kristiane (SSB 2004).

Kjende namneberarar Kristin Hille Valla (f. 1944), norsk politikar (Sp) Kristin Jarmund (f. 1954), norsk arkitekt Kristin Normann (f. 1954), norsk høgsterettsdommar Kristin Clemet (f. 1957), norsk politikar (H) Kristin Lund (f. 1958), fyrste norske kvinnelege generalmajor Kristin Kajander (f. 1959), norsk skodespelar Kristin Halvorsen (f. 1960), norsk politikar (SV) Kristin Krohn Devold (f. 1961), norsk politikar (H) Kristin Handeland (f. 1965), ordførar på Fedje Kristin Skogheim (f. 1970), norsk skodespelar og programleiar Kristin Asbjørnsen (f. 1971), norsk songar og komponist Kristin Bekkevold (f. 1977), norsk fotballspelar Kristin Størmer Steira (f. 1981), norsk langrennslaupar Kristin Jensen (f. 1982), vokalist i Hopalong Knut Kristin Dalehamn (f. 1984), norsk ungdomspolitikar (NKP) Kristin Wieczorek (f. 1986), tysk kunstløpar

Namnet i kulturen Kristin Lavransdatter er hovudpersonen i ein kjend trilogi av Sigrid Undset.

Annan bruk Kristinfeltet er eit naturgassfelt i Norskehavet.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kristin» frå , den 15. mars 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Mannsnamn Kategori:Namn knytte til kristendommen Kategori:Tvikjønna namn