Schaalsee er ein innsjø på grensa mellom Schleswig-Holstein og Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland. Innsjøen har eit areal på 24 km², og er 13,8 km lang frå nord til sør. På det djupaste er innsjøen 71,5 meter. Utsig frå innsjøen skjer gjennom elva Schaale og kanalen Schaalsee-Kanal. Den største byen ved innsjøen er Zarrentin am Schaalsee, som ligg ved den sørlege breidda.
mini|venstre|Utsyn over Schaalsee.
I 2000 vart han erklært eit biosfærereservat.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schaalsee» frå , den 3. juni 2007.
Kategori:Innsjøar i Tyskland