Tiarma blekksprutar er ein overorden blautdyr i klassa blekksprut. Dei lever fritt i vassmassane og jagar aktivt på fisk og andre byttedyr. Dei har åtte korte tentaklar med radar av sugekoppar, og to lange fangarmar med sugekoppar på tuppen.
Eit anna trekk som skil dei frå dei åttearma blekksprutane er at dei har eit indre skjelett som stiver av kroppen og, hjå somme artar, bidreg til å justera oppdrifta.
Ordenar Spirulida Sepiida Sepiolida Teuthida (m.a. akkar og kjempeblekksprut)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Decapodiformes» frå , den 6. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Blekksprut