Aabach (tidlegare kalla Große Aa) er ei 14 km lang elv i Tyskland, og ei av sideelvane til Afte. Ho har sitt utspring aust i Nordrhein-Westfalen nær grensa til Hessen mellom Bad Wünnenberg og Marsberg. Frå her renn ho nordover gjennom eit skoglandskap, som delvis ligg i naturparken Diemelsee. Etter eit par kilometer renn ho ut i den kunstige innsjøen Aabachstausee. Ho renn vidare nordover og munnar ut i Afte 3,5 km nord for Bad Wünnenberg. Kjelda til ligg ved vasskiljet mellom Rhinen og Weser. Aabach renn ut i Rhinen via Afte, Alme og Lippe, medan dei små elvane like sør for kjelda til Aabach renn til Weser via Hoppecke og Diemel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aabach (Afte)» frå , den 7. juni 2007.

Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Nordrhein-Westfalen