18. januar er den 18. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 347 dagar att av året (348 under skotår).

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Margrete av Ungarn har festdag i den katolske kyrkja

Namnedag

Hendingar

Utlandet 1520: Kong Kristian II av Danmark-Noreg sigra over den svenske riksforstandaren Sten Sture og tok makta i Sverige. 1535: Lima i Peru blei grunnlagd av Francisco Pizarro. 1670: Henry Morgan erobra Panama. mini|James Cook fann Hawaii, som seinare skulle bli dødsstaden hans. 1701: Fredrik I blei konge av Preussen. 1778: James Cook oppdaga Hawaii (som han kalla «Sandwichøyane»). 1798: Austerrike tok kontroll over delar av Nord-Italia, inkludert Verona og Venezia. 1871: Vilhelm I blei den første tyske keisaren. 1882: Asteroiden 221 Eos vart oppdaga. 1896: Røntgenapparatet blei prøvd ut for første gong. 1913: Sjøslaget ved Límnos under Den første balkankrigen. 1977: Vitskapsmenn identifiserte ein tidlegare ukjent bakterie som årsak til legionærsjuka. 1978: Den europeiske menneskerettsdomstolen fann Storbritannia skuldig i mishandling, men ikkje tortur, av fangar i Nord-Irland. 2005: Airbus A380, det største passasjerflyet i verda, vart lansert ved ein seremoni i Toulouse.

Noreg 1628: Den norske hæren vart oppretta av kong Christian IV. 1898: Moss Glassverk vart stifta. 1936: Innviinga av Blindern-delen av Universitetet i Oslo. 1997: Børge Ousland blei den første til å kryssa Antarktis åleine og utan hjelp utanfrå.

Fødde mini|Thor Hushovd i 2008

1689: Charles Montesquieu, fransk forfattar 1862: Lorens Berg, norsk lærar og lokalhistorikar 1882: A. A. Milne, britisk forfattar 1896: Hans Henrik Holm, norsk lyrikar 1911: Danny Kaye, amerikansk komikar, skodespelar og songar 1944: Kjersti Ericsson, norsk kriminolog, forfattar og politikar 1955: Kevin Costner, amerikansk skodespelar 1955: Erik Solheim, norsk politikar 1957: Malgorzata Piotrowska, polsk-norsk illustratør og forfattar 1972: Kjersti Tysse Plätzer, norsk kappgjengar 1978: Thor Hushovd, norsk syklist 1978: Terje Skjeldestad, norsk fotballspelar

Døde mini|upright|Nordahl Rolfsen i 1919

1135: Reinald, biskop i Stavanger 1849: Mikkel Grendahl, kjøpmann og gardbrukar 1862: John Tyler, USA-amerikansk president 1867: Asbjørn Kloster, norsk fråhaldsleiar 1928: Nordahl Rolfsen, norsk lærebokforfattar 1936: Rudyard Kipling, britisk forfattar 1947: Olav Gøytil, norsk lærar 1970: Haakon Lie (1884-1970), norsk forfattar 1978: John Lyng, norsk statsminister