Danmark, offisielt Kongeriket Danmark, er eit land i Nord-Europa. Det er det sørlegaste av dei nordiske og skandinaviske landa og ligg sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark har landgrense til Tyskland og grensar også til Nordsjøen og Austersjøen. Innbyggjartalet er på om lag 6 millionar, og hovudstaden er København.
Geografisk utgjer Danmark ei stor halvøy, Jylland, og ei rekkje øyar, der Sjælland, Fyn, Lolland, Falster og Bornholm er dei mest kjende. Kongeriket Danmark femner saman med sjølve Danmark om bilanda Grønland og Færøyane.
Danmark er ein velferdsstat med blandingsøkonomi. Levestandarden i landet er høg, og samfunnet er prega av små økonomiske skilnader. Danmark er eit konstitusjonelt monarki med parlamentarisme. Landet er delt inn i fem regionar og 98 kommunar. Danmark har vore medlem av FN og NATO sidan opprettinga og av EU sidan 1973, men er ikkje ein del av eurosona.
Nasjonalspråket dansk er i stor grad innbyrdes forståeleg med norsk og svensk og har sterke historiske og kulturelle band til dei andre nordiske språka. Om lag 82 % av folkesetnaden og 90 % av dei etniske danskane er medlemmer av den lutherske Folkekirken. I 2009 hadde noko over ein halv million danskar utanlandsk opphav, av dei om lag halvparten frå andre europeiske land.
Etymologi Danskar eller danar som etnisk gruppe vart omtalte allereie i antikken. På 600-talet fortalde både den greske historieskrivaren Prokopios og den gotiske historikaren Jordanes om eit folk i nord ved namn «danoi» og «dani». På norrønt vart folket i genitiv fleirtal kalla «danir», som kan tyde noko i retning av «flatlandsfolk». «Dane» er truleg ei avleiing av det indoeuropeiske *dhen-, som tyder ‘flate, flatt brett’.Indo-European Lexicon, Pokorny Master PIE Etyma , side 249, Linguistics Research Center, College of Liberal Arts, The University of Texas at Austin, henta frå Julius Pokorny: Indogermanisches etymologisches Wörterbuch, Bern: Francke, 1959, 1989.
Ordet «mark» vart i gamalhøgtysk og i gamalengelsk brukt i tydinga ‘grenseland’. Ordet «Danmark» tydde altså ‘flatlandsfolkets grenseland’ og var avgrensa til dagens Slesvig, altså danane sitt grenseland til tyskarane i sør. I frankiske riksårbøker (Annales Regni Francorum) vert det fortalt at frankiske utsendingar i 825 møtte kongane deira «på deira land» (in marca eorum).Scriptores rerum Germaniaarum in usum scholarum, bind I, side 213 1.45 Det vert også fortalt at danene kom «til marken» (ad marcam) for å gå til åtak på saksarane ved elva Eider i den noverande tyske delstaten Schleswig-Holstein i 828.Scriptores rerum Germaniaarum in usum scholarum, bind I, side 217 1.25
Av Jordanes får ein inntrykk av at danene høyrde til den gotiske stammen Suetidi og kom frå det noverande Sverige. Dei skal ha drive bort herulane frå landet. Danane vert ikkje nemnde av den romerske historikaren Tacitus i år 98, men han nemnde gotarane (gothones). Dersom danene ikkje eksisterte på 100-talet, og skildringa til Jordanes er riktig, kan danene ha oppstått som etnisk gruppe på 200- eller 300-talet.
Nokre eldre kjelder ymtar om at danene var identiske med «geatarane». Den galliske historikaren og biskopen Gregorius av Tours skildra på 600-talet korleis kongen over danane, Chochilaisus, vart drepen i året 515 under eit sjøslag ved den frankiske kysten.Carver, 1992, side 292-293 Gregorius kallar kongen for ein dane (dani), men i Beowulf vert han omtalt som ein konge over geaterane under namnet Hygelac. I Liber Monstrorum er han kalla «rex Getarum»,Chambers 1921, side 23 og i Liber historiae Francorum vert han kalla «rege Gotorum». Problemet med denne identifiseringa er at andre kjelder som Prokopius og Jordanes skil mellom geaterane og danane. Lærde strir seg imellom om den etniske identiteten til geaterane, og det episke diktet Beowulf''' kan ikkje ukritisk brukast som historisk kjelde.
Etter kvart som ordet «mark» gjekk over til å tyde heile landet, og ikkje berre det noverande Slesvig, vart dessutan namnet «Danmark» brukt om alle folka i området, uavhengig av etnisk tilhøyrsle.
Populært vert det sagt at ordet «Danmark» første gong vert nemnt på Jellingesteinen omkring år 985. Danmark (Denamearc) var likevel nemnt allereie rundt 890 av nordmannen Ottar i den gammalengelske krønika Orosius, i forteljinga om reisa hans frå Skiringssal i Vestfold til Hedeby.Paulus Orosius (editor Henry Sweet, M.A.): Extracts from Alfred's Orosius, Oxford Clarendon Press, London, september 1885, bind 2, side 16 I vidareforteljinga til Alfred av England frå om lag same tid – skildringa til Wulfstan frå Hedeby av skipsferda si frå Hedeby eller Slesvig og inn i Austersjøen, vert Langeland, Låland, Falster og Skåne omtalt som ein del av Danmark (Þas land call hyrað to Denemearcan, «alle desse landa høyrer til Danmark»). Like etter 908 skreiv den austfrankiske krønika Regino av Prüm om eit folk «frå Danmark» (ex Denimarca) som gjekk til åtak på det noverande Nederland frå nord.Christiansen, side 119 Eit diplom frå 965 som tilhøyrde Otto I skildrar eit bispedømme som ligg in marca vel regno Danorum.Niels Refskou,: In marca vel regno Danorum. En diplomatarisk analyse af forholdet mellem Danmark og Tyskland under Harald Blåtand, Kirkehistoriske Samlinger, 1985, side 19-33Niels Refskou: Det retlige indhold af de ottonske diplomer til de danske bispedømmer, Scandia 52, 1986, side 173
Geografi
mini|venstre|52,6 % av landarealet i Danmark utgjer dyrka mark, slik som her i Karlebo.
Danmark er det minste og sørlegaste av dei nordiske landa, like nord for sitt einaste naboland, Tyskland, sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark er rekna som eit skandinavisk land, sjølv om det ikkje høyrer til den skandinaviske halvøya. Vest for Danmark ligg Nordsjøen, mens Austersjøen ligg i søraust. Mellom Danmark og Sverige ligg Øresund og Kattegat, mens Skagerrak skil Danmark frå Noreg.
Danmark utgjer halvøya Jylland og 443 namngitte øyar. Per 2009 er 72 av desse busette, og dei største er Sjælland, Vendsyssel-Thy og Fyn. Øya Bornholm ligg aust for resten av landet i Austersjøen.
Landskapstypar og geologi mini|Møns Klint er den høgste kalkklippen i Danmark, og fell opp til 120 meter ned i havet. Det danske landskapet er prega av flatt, mildt lågland, med bakkar, kalkklippar og sanddyner. Men det finst også mange område med bakkelandskap. På Jylland finst mellom anna Rebild bakker i Rold Skov og området rundt Skamlingsbanken i sønderjylland. Landskapet sør-aust for Silkeborg i retning Horsens og Skanderborg inneheld dei høgste bakkane i Danmark, som Ejer Bavnehøj, Møllehøj, Yding Skovhøj og Himmelbjerget. Også områda Svanninge Bakker og De Fynske Alper på Fyn er prega av markante bakkar. Møns Klint på øya Møn er den største naturattraksjonen i Danmark.
Geologisk utgjer mesteparten av Danmark unge avleiringar frå krit-, tertiær- og kvartærtida. Dei fleste bergartane er lause, og høgdedraga i landet er danna ved at isbrear under siste istid skauv dei lause bergartane saman i haugar og rygger. Over øyane, Jylland og utover i Nordsjøen går det ein grunnfjellrygg, Fyn–Ringkøbing-ryggen. Denne dannar vidare skilet mellom den nordlege og sørlege delen av Nordsjøen, og det er vidare i bassenget sør for denne ryggen eller i rifta midt i Nordsjøen at dei danske petroleumsførekomstane ligg.
Vatn og vassdrag Danmark har om lag opne vasslaup. Omtrent halvparten av desse er naturlege, mens resten er kunstig opparbeidde grøfter og kanalar. Den lengste elva i Danmark er Gudenå, på omtrent 160 km. Andre større danske elvar er Odense Å, Vidå, Skjern Å og Suså.
Det er totalt namngitte innsjøar i Danmark med eit samla areal på ca. 700 km². Djupast er Furesø med 36 m, mens Arresø er størst i areal med 39,5 km². Blant dei andre større danske innsjøane er Esrum sø, Stadil Fjord, Mossø, Saltbæk vig og Tissø.
Danmark har ei rekkje fjordar, sjølv om denne nemninga vert langt vidare brukt på dansk enn på norsk. Limfjorden er kanskje den mest kjende, og er eit 180 km langt sund som bind Nordsjøen (i Danmark ofte kalla Vesterhavet) saman med Kattegat. Andre kjende danske fjordar er Roskildefjorden og Ringkøbingfjorden.
Klima Danmark har eit temperert klima. Sidan landet ligg ved Nordsjøen nyte det godt av nærleiken til Golfstraumen, og har relativt sett kjølige somrar med middeltemperaturar på omkring 16 °C og milde vintrar med middeltemperaturar på omkring 0,5 °C. Danmark har også ein del vind, spesielt om vinteren. Haustmånadene september til november har mest regn med eit syttitals mm kvar, mens februar er månaden med minst nedbør med normalt 38 mm.
Det er berre mindre regionale skilnader i klimaet innanlands i Danmark. Temperaturane endrar seg lite frå stad til stad, men ligg noko lågare i områda lengst vekk frå havet. Om sommaren har Sydsjælland og Lolland-Falster dei høgste middeltemperaturane. I kystnære strøk er skilnaden mellom sommar og vinter mindre på grunn av den utjamnande verknaden frå havet. Også nedbøren er relativt stabil frå stad til stad; mens områda ved Storebælt har minst med ca. 500 mm årleg har de sørlege delane av Midtjylland mest med noko over 900 mm.
Flora og fauna mini|Nyutsprungne bøketre i Grib Skov på Nordsjælland. Geologisk sett har det gått kort tid sidan siste istid, noko som inneber at utviklinga av artar ikkje er avslutta. Dessutan sett topografien vilkåra innanfor små avstandar. Og endeleg er det jordsmonnet som sett føresetnadene for plantevekst på ein gitt stad. I tillegg til alt dette må ein sjå påverknaden frå tusenår med jordbruk og snart 150 års industrialisering med alt dette har meint for vilkåra til floraen.
Grunnleggjande høyrer likevel Danmark til i eit stort område som strekkjer seg frå Atlanterhavet og heilt inn til Ural, der den potensielle vegetasjonen er blanda lauvskog. Danmark har ikkje urskog, men Draved skov og Suserupskovene er naturskogar der den menneskelege påverknaden har vore minimal. Dersom ein vil oppleve korleis det danske landskapet har sett ut før landbrukstida, må ein reise til Białowieżaskogen i det austlege Polen.
Når ein ser bort frå sanddyner, innsjøar, elvar og havskrentar, er resten av naturen i Danmark i røynda eit samanhengande kulturlandskap der alt er resultatet av tilsikta og utilsikta menneskeleg påverknad. Det gjeld biotopar som mose, eng, hede, beite, åker og dyrka skog og elles naturlegvis parkar og hagar. Samansetjinga til floraen utgjer derfor eit sett moglegheiter som er skapt av naturvilkåra og nokre avgrensingar som vert sett av aktivitetane til menneska. I tillegg til det direkte presset frå dyrking og ureining råkar utbygginga av infrastrukturen floraen for ei stadig meir omfattande oppsplitting i område som vert haldne åtskilt og som vert gradvis mindre. Det medfører at spreiing og vedlikehald av genpuljar innanfor ein art vert gradvis meir ugjerleg. Dette er den eigentlege bakgrunnen for at mange artar er truga eller utdøydde i Danmark.
Landmerke og geografiske ytterpunkt mini|Inntil 1847 trudde ein at Himmelbjerget (147 moh.) var det høgste punktet i Danmarks. Staden er framleis ein populær utfartsstad.
Det nordlegaste punktet i Danmark er Skagens odde (Skagens nordstrand) på 57° 45' 7'' nordleg breidd, det sørlegaste er Gedser odde (Falsters sørspiss) på 54° 33' 35'' nordleg breidd, det vestlegaste Blåvandshuk på 8° 4' 22'' austleg lengd, og det austlegaste Christiansø (Østerskær) på 15° 11' 55'' austleg lengd.
Det lågaste punktet i Danmark er Lammefjord med –7,5 moh. Høgst ligg Møllehøj 170,86 moh., følgt av Yding Skovhøj (170,77 moh.), dernest Ejer Bavnehøj (170,35 moh.). Det kjende Himmelbjerget ligg 147 meter over havet.
Demografi Per 1. januar 2009 hadde Danmark ifølgje offisiell statistikk innbyggjarar. Med eit areal på km² gir det ein folketettleik på 127,9 innbyggjarar per kvadratkilometer. Folketalet har jamt over stige sidan 1970-talet, med unntak av ein periode på starten av 1980-talet.
Folkegrupper