Melhus er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar til Trondheim kommune i nord, Selbu aust, Midtre Gauldal i sør og til Orkland og Skaun kommunar i vest.

Melhus kommune blei skipa i 1838. Kommunen slik han er i dag blei til 1. januar 1964, da kommunane Horg, Flå, Hølonda og Melhus slo seg saman. Den gamle kommunen Melhus har i ettertid ofte blitt kalla «Nedre Melhus». Namnet kjem av det norrøne gardsnamnet meðalhúsar, «midtgarden».

Geografi Kommunen strekkjer seg frå Øysand i nord til Haga bru nord for Støren. Den øvste delen av Gauldalen er stort sett midtpuktet gjennom heile kommunen. I Gauldalen finn vi Gaulvassdraget, som er ei av dei beste lakseelvane i Noreg. På begge sider av Gaula finn vi oppover heile dalen store og gamle jordbruksområde. I tillegg går E6 stort sett langs Gaula heile strekninga gjennom Melhus kommune.

Heilt nord i kommunen finn vi Øysand, og Gaulosen, det store deltaet i Gaulvassdraget. Deltaet er eit av dei få store deltaa i landet som ikkje er utbygd, eller regulert på noko særleg måte. Øysand er også eit av trøndelagregionens største flatmarkområde. Under andre verdskrigen bygde tyskarane opp eit stort militærområde med flyplass her.

Største høgde over havet: Reinsfjellet (930 meter over havet) Lågaste høgde over havet: Øysand (0 meter over havet) Areal: 696 km²

Elvar, fjell og vatn i Melhus Benna Gaula Vassfjellet Sandholtvannet Ånøya - innsjø Svorksjøen Reinsfjellet (Melhus, Midtre Gauldal og Selbu kommunar)

Samfunn

Tettstader mini|Melhus sentrum miniatyr|Miljøgata i Melhus sentrum (2012) thumb|Øysand Melhus - Administrasjonssenter og den største tettstaden i kommunen. Blir ofte kalla ofte Nedre Melhus Gimse - tettstad på motsett side av Gaula i forhold til Nedre Melhus Kvål - tettstad sør for Melhus Ler - Administrasjonssenter i den tidlegare Flå kommune Lundamo Hovin Korsvegen Gåsbakken

Skolar I Melhus kommune finn vi elleve skolar, der åtte av desse er barneskolar, to er ungdomsskolar, og ein er ein kombinert 1.-10.-skole.

Brekkåsen skole Eid skole (barne- og ungdomsskole) Flå skole Gimse skole Gimse ungdomsskole Gåsbakken skole Hovin skole Høyeggen skole Lundamo skole Lundamo ungdomsskole Rosmælen skole

Idrettslag

Melhus idrettslag Gimse idrettslag Trønder-Lyn Flå idrettslag Lundamo idrettslag Hovin idrettslag Idrettslaget Leik

Aviser Trønderbladet: Den største avisa i Melhus. Dekker også kommunane Klæbu, Midtre Gauldal og Skaun. Avisa kjem ut tysdag, torsdag og laurdag. Gaula: Lokalavis for Melhus (dekker også Midtre Gauldal og Byneset) som held til i Melhuset i Melhus sentrum

Prestegjeld Melhus prestegjeld høyrde til Gauldal prosti i Nidaros bispedømme. Den norske kyrkja har fire kyrkjelydar (kyrkjesokn) i Melhus prestegjeld (Melhus kommune), og kvar av dei har si kyrkje med kyrkjetenar, organist, klokkar, reinhaldar og kvart sitt sokneråd. Det er Flå, Horg, Hølonda og Melhus kyrkjelydar. I Hølonda kyrkjelyd står også Kolbrandstad stavkyrjke, som er eigd av eit privat lag.

Næringsliv Dei mest kjende bedriftene i kommunen er Lydbokforlaget og Brødrene Flaarønning. Andre bedrifter: Capro - transportkasser Byggern Midttømme trelast Helsport - Sportsutstyr og sportsklede

Historie Melhus var åstad for mange viktige hendingar i vikingtida. Det var under grisebingen på garden Rimol i Melhus Håkon Jarl blei drepen av trælen sin, Tormod Kark. Einar Tambarskjelve var frå storgarden Gimsan i Melhus.

Kultur Tusenårsstad Kommunens tusenårsstad er Gimse/Romol/Sagastien, som er eit kjent historisk område med henvising til hendingar skrive i Snorres kongesoger. Området er tilrettelagt med ein sagasti med informasjonstavler.

Verdt å sjå Jarlshola Horg bygdetun Gaula - svært god lakseelv Bilde av Petter Dass i Melhus kyrkje Kolbrandsdal stavkyrkje Gauldal Teaterlag Fotomuseet på Hølonda Prestegårdslåna på Melhus Sabotørmuseet - Hotell Norge Hølonda Landbruksmuseum Hølonda Skimuseum Flå bygdesamling

Kjente folk frå Melhus Politikarar Per Borten (1913–2005), politikar, statsminister (Sp) Martin Tranmæl, politikar (Ap)

Kjente frå Snorres kongesoger og norrøn tid Einar Tambarskjelve, bogeskyttar og stormann Bergljot Håkonsdotter, kona til Einar Tambarskjelve Lundesola, svært vakker kvinne frå sogene Tora på Rimol, kjent frå sogene, hjelpte Håkon Jarl Torleiv Spake, stormann frå norrøn tid

Idrettsutøvarar Oddvar Brå, skiløpar Toralf Engan, skihoppar Audun Lilleberg, noregsmeister på vasski Åge Berntsen, vektløftar Helge Moxness, symjar Magne Thomassen, skøyteløpar Atle Kvålsvoll, syklist (1962) Morten Sæther, syklist (1959) Hege Stendahl, syklist (1967) Astrid Danielsen, syklist (1968) Magnar Estenstad, skiløpar Ingrid Syrstad Engen (f. 1998), idrettskvinne, fotballspelar

Andre kjente Glenn Grøtheim, bridgespelar og forfattar Torstein Flakne, rockemusikar Kirsti Huke, musikar, jazzvokalist

Bakgrunnsstoff Melhus kommune sine heimesider

Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Norske kommunar skipa i 1838