Donaueschingen er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Baden-Württemberg med om lag 21 000 innbyggjarar. Byen ligg i landkreisen Schwarzwald-Baar nær kjelda til elva Donau. Han ligg 13 km sør for Villingen-Schwenningen, 24 km vest for Tuttlingen og om lag 30 km nord for den sveitsiske byen Schaffhausen.
Geografi Donaueschingen ligg på Baarplatået sør i Schwarzwald. Elvane Brigach og Breg renn her i saman og dannar elva Donau, som har gjeve namn til byen.
Historie Byen vart først nemnd som Donaueschingen i 889. I 1283 gav Rudolf von Habsburg grevskapet Baar og Donaueschingen til Heinrich von Fürstenberg, i tillegg til rettane til å bryggje øl. Dette er opphavet til bryggjeriet Fürstlich Fürstenbergische Brauerei. I 1488 gjekk byen til greven av Fürstenberg. Frå 1700-talet var Donaueschingen residens for fyrstane av Fürstenberg. I 1806 kom byen inn under Storhertugdømet Baden og fekk bystatus i 1810. Ein stor del av byen vart øydelagd av ein brann i 1908.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Donaueschingen» frå , den 15. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Baden-Württemberg Kategori:Byar ved Donau