Åkerrikse (Crex crex) er ein trekkfugl i riksefamilien. Han finst i det meste av Europa, men er kategorisert som kritisk trua (CR) på norsk nasjonal raudliste for artar. Utsjånad Åkerriksa er ei mellomstor rikse som måler 27–30 cm og har eit vengespenn på 42–53 cm. Hannfuglane veg i gjenomsnitt 165 gram og hofuglane 145 gram. Fjørdrakta er kryptisk farga i brune, svarte og grå nyansar som gir bra kamuflasje. Fjørene på isse og rygg hos den adulte hannen har svart midtparti, brun spiss og sandfarga og grå brem, noko som gir eit svartprikka inntrykk i felt. Dei øvre vengedekkfjørene er distinkt raudbrune. Ansiktet, strupen og brystet er blågrå, utover det lysbrune augestreket som strekker seg frå nebbasen og møter det brune på halsen. Buken er lysgrå og kroppssida streka i kvitt og raudbrunt. Den kraftige nebben er kjøttfarga, irisen brun og føter og bein er lyst grå. Hekking
Åkerriksa kan legga egg frå mai til juli, av og til i august. Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kornknarr» frå , den 13. januar 2015. Referansar
Bakgrunnsstoff Norsk Ornitologisk forening
Kategori:Fuglar i Noreg Kategori:Riksefamilien